nyhende

Leiar for Pensjonistforbundet, Jan Davidsen, og arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap) kommenterer resultatet av trygdeoppgjeret. FOTO: RODRIGO FREITAS / NTB / NPK
Leiar for Pensjonistforbundet, Jan Davidsen, og arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap) kommenterer resultatet av trygdeoppgjeret.

Trygdeoppgjeret er klart: Solid auke for pensjonistane

Pensjonistane er nærast garantert auka kjøpekraft i år etter at trygdeoppgjeret kom i hamn.

Publisert Sist oppdatert

Grunnbeløpet i folketrygda blir auka med 6,41 prosent til 118.620 kroner.

Sjølv om prisveksten skulle ende på 5,4 prosent, slik regjeringa legg til grunn i revidert nasjonalbudsjett, vil pensjonistane komme ut av året med ein solid auke i realinntekta.

— Eg er glad for at vi i år får ein god vekst i grunnbeløpet. Ytingar som blir regulerte gjennom grunnbeløpet, som til dømes uføretrygd og arbeidsavklaringspengar, får ein auke på 6,41 prosent, seier arbeidsminister Marte Mjøs Persen (Ap).

Verdig alderdom

Ifølgje regjeringa blir auken i utbetalingane til pensjonistane på 8,54 prosent frå 1. mai.

— Alle skal ha ein verdig alderdom. Derfor er viktig med eit føreseieleg og rettferdig system for korleis alderspensjonane og andre trygder skal oppjusterast årleg, seier Persen.

Trygdeoppgjeret styrer korleis grunnbeløpet i folketrygda og ei rekkje pensjonar blir regulerte. Grunnbeløpet i folketrygda, også kjent som G, blir brukt til å berekne og regulere både pensjonar og trygdeytingar.

Solid etterregulering

Ein må sjå den høge reguleringa i år på bakgrunn av at reguleringa i fjor bomma kraftig på både lønnsveksten og særleg prisveksten. Etterreguleringane blir ekstra store i årets trygdeoppgjer.

Resultatet er meir eller mindre i samsvar med kravet organisasjonane leverte ved starten av trygdedrøftingane for vel ei veke sidan. Allereie då fastslo sjeføkonom Erik Orskaug i Unio at årets oppgjer ville bli historisk godt.

Kravet frå Unio, Funksjonshemmedes fellesorganisasjon, LO, Akademikerne, YS, Forsvarets seniorforbund, Senior Norge og Landslaget for offentlege pensjonistar tek utgangspunkt i anslaget til regjeringa på lønns- og prisveksten for 2023 på høvesvis 5,25 prosent og 5,4 prosent.

I tillegg skal ein etterregulere for lågt anslått lønns- og prisvekst i trygdeoppgjeret i fjor på høvesvis 0,6 prosent og 2,4 prosent, ifølgje kravet.

Følgjer pris- og lønnsvekst

Dessutan vil dei nye reglane, der pensjonane blir regulerte parallelt med lønns- og prisutviklinga, trekkjer utviklinga opp i år med høg prisvekst, slik statsminister Jonas Gahr Støre påpeika under Arbeidarpartiets landsmøte for to veker sidan.

— Det vil gi eit godt trygdeoppgjer seinare i vår. Alderspensjonistane kjem til å bli inntektsvinnarar. Og det er vel fortent, sa Støre.

Realinntektsutviklinga blir rekna ut ved å finne differansen mellom inntektsauke og prisveksten.

— Men vi må framleis hugse at vi underregulerer pensjonane med gjennomsnittet av lønns- og prisvekst. Når prisveksten blir anslått om lag like høg som lønnsveksten, blir denne underreguleringa nulla ut i år. I tillegg er etterreguleringa frå i fjor rekordstor. Til saman gir dette den høge reguleringa i årets trygdeoppgjer, sa sjeføkonom Erik Orskaug i Unio i samband med kravoverleveringa.

Powered by Labrador CMS