nyhende

Assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad meiner at koronasmitten no har flata ut mange stader. Foto: Javad Parsa / NTB / NPK
Assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad meiner at koronasmitten no har flata ut mange stader.

Trur smittebølgja er i ferd med å flate ut

Det er 102 færre innlagde koronapasientar enn førre veke. På Austlandet er smittebølgja på retur, og mange stader ser det no ut til å vere ei utflating, ifølgje Espen Nakstad.

Publisert Sist oppdatert
NTB–NPK: Dette blir stadfesta av bakgrunnstal og av at talet på innlagde pasientar i sjukehus ikkje lenger stig, legg den assisterande helsedirektøren til.

På det meste, måndag 7. mars, var 638 koronasmitta pasientar innlagde på norske sjukehus. Men den siste dryge veka har talet på innlagde falle, og onsdag var det heile 102 færre.

– Det var òg færre nyinnlagde pasientar siste veke. På intensivavdelingane er situasjonen ganske uendra med rundt 50 inneliggende pasientar, seier Nakstad til NTB.

Mange innlagde

Sjølv om det er færre koronasmitta pasientar på sjukehusa, er det framleis mange fleire enn det har vore i noka anna smittebølgje gjennom pandemien.

I den første smittebølgja våren 2020 var det på det meste innlagt 325 koronapasientar, vinteren 2021 var det 299 pasientar på det meste, før jul var det 383, medan toppen no i vår altså var 7. mars med 638.

Sidan dei fleste no er vaksinerte og risikoen for alvorleg sjukdom er svært låg ved omikronvarianten, er det likevel færre på intensivavdeling og respirator enn i dei andre smittebølgjene.

Over smittetoppen på Austlandet

I førre veke rapporterte Folkehelseinstituttet ein nedgang i melde smittetilfelle på 35 prosent og anslo at epidemien var i ferd med å flate ut.

– Vi kom nok over smittetoppen på Austlandet for eit par veker sidan, men det er vanskeleg å seie nøyaktig kor mykje smitten har minka fordi ikkje alle registrerer ein positiv sjølvtest på nettsida til kommunane, seier den assisterande helsedirektøren.

Han legg til at det eigenmelde sjukefråværet framleis synest å vere høgt. Sånn blir det truleg også i vekene framover, sjølv om trenden er minkande og færre var registrerte sjukmelde med korona førre veke enn i vekene før.

– Etter påske trur vi så mange vil ha vore smitta at omikronbølgja minkar. Det er per i dag ikkje andre virusvariantar under oppsegling som det er grunn til å tru vil endre dette biletet vesentleg, og forhåpentleg vil vi få ein sommareffekt som bidreg til lite smitte, seier Nakstad.

Han understrekar likevel at vi ikkje veit kva virusvariantar vi står igjen med hausten 2022, og korleis det vil påverke koronaførekomsten i landet.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS