nyhende

Sukkerbete er ei av dei to viktigaste kjeldene til sukkerproduksjon ute i verda, men blir nesten ikkje dyrka i Noreg.

Trur norsk sukker vil gi sjølvfor­syningsløft

Vi nordmenn får i dag cirka ni prosent av energien vi treng frå sukker. Likevel er den norske sjølvforsyningsgrada på sukker så å seie null. Kan dyrking av rotveksten sukkerbete redde oss i krisetider?

Publisert

– Samla sett er sukkerbeteproduksjon det enkelttiltaket som vil gi størst effekt på sjølvforsyningsgrada, samstundes som det krev lite areal, og ikkje vil redusere produksjon av andre vekstar i Noreg nemneverdig, hevdar tidlegare bonde og statsvitar Harald Borgebund.

Ifølgje tal frå Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) får vi nordmenn ein vesentleg del av energien vår frå sukker, og nesten alt sukkeret vi konsumerer er importert. Vi skal ikkje lenger enn til nabolanda våre Finland, Sverige og Danmark for å finne sukkerproduksjon. Der er nemleg sukkerbeten ein vesentleg del av landbrukspolitikken.

Sukkerbeten er ein av dei to viktigaste kjeldene til sukkerproduksjon ute i verda i dag. Kommersiell framstilling av sukker på basis av sukkerbete begynte i Tyskland i 1802, og i dag blir han dyrka over store deler av Europa. Borgebund meiner vi hadde gjort klokt i å byrje å dyrke han her heime òg.

– Det er dessverre få som har sett på sukkerbeteproduksjon I Noreg. Når ein kan produsere sukkerbete i Finland, kan ein gjere det i Noreg òg, seier Borgebund til Nynorsk pressekontor.

Viktig del av kosten

I teorien er sukkerbete-dyrking i Noreg ein god idé, meiner dagleg leiar i Agri Analyse, Christian Anton Smedshaug.

Dagleg leiar i Agri Analyse, Christian Anton Smedshaug, meiner dyrking av sukkerbete i Noreg er ein god ide på papiret, men at det krev stor omlegging i næringa og kan bli kostbart.

– Det er heilt rett at mykje av energien vår kjem frå sukker, så det er ein veldig viktig faktor i kosthaldet. I tillegg gir sukker gode moglegheiter for konservering av andre typar mat som bær og frukt, seier Smedshaug.

Men sukkerbeteproduksjon vil samstundes krevje store omstillingar i landbruket, meiner han.

– Noregs politikk har alltid vore å få høgast mogleg kornforsyning. Vi har forholdsvis lite område som eignar seg til dyrking av matkorn, og der er det allereie konkurranse mellom kveite, erter, åkerbønner, raps og grønsaker. Det handlar om prioriteringar på eit avgrensa areal, seier Smedshaug.

I tillegg peikar han på at det vil vere utfordrande å gjere produksjon og foredling av sukker lønnsamt.

– Vi manglar tollvern på sukker og vil difor måtte konkurrere med prisen på verdsmarknaden. Ein veit aldri når og kor lenge ein kan få bruk for sjølvforsyning av sukker. Difor er det viktig at den aktuelle verdikjeda også er lønnsam under normale tilhøve – slik vil det ikkje vere med sukkerproduksjon og -foredling i Noreg i dag, seier Smedshaug.

Mindre bygg?

Harald Borgebund peikar òg på at sukkerbetar kan vere med å hindre utarming av dyrkingsjord.

– Sukkerbeten kan gi fordelar som ein del av vekstskiftet på stadar der jordsmonnet har mista mykje næring, seier han.

Harald Borgebund spekulerer i om sukkerbete-produksjon kan bidra til å redusere omfanget av norskprodusert bygg, som det har blitt dyrka for mykje av dei siste åra. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB / NPK

Han trur heller ikkje at sukkerbeten vil fortrenge dyrking av matkveite.

– Dette blir litt spekulasjon, men det er ei moglegheit for at dyrking av sukkerbete vil redusere arealet med bygg meir enn arealet med kveite, sidan det er betre lønnsemd i kveiteproduksjon enn i andre kornproduksjonar, og samstundes er det eit ønske om at norsk landbruk produserer mindre bygg, fortel Borgebund.

Ein som har jobba mykje med sjølvforsyning er seniorrådgivar Mads Svennerud i Nibio. Han peikar på at sjølvforsyning er summen av veldig mange faktorar.

– Dersom vi produserer meir energi på eit areal og at energien blir konsumert, vil det gi auka sjølvforsyningsgrad. Men import spelar òg inn på sjølvforsyningsgrada. Viss vi ofrar bygg til fordel for sukkerbete vil ein måtte justere delen importfôr noko opp. Det vil igjen påverke mengda energi vi får frå norsk animalsk produksjon, seier han.

Sukker på lager

Under andre verdskrigen var det mangel på sukker i Noreg, og blei strengt rasjonert frå 1939 til etter krigen. Christian Anton Smedshaug i Agri Analyse meiner sukkerlager kan vere eit alternativ til produksjon.

– Det vil vere langt enklare enn å redusere dyrkingsareala for andre produkt. Vi kan til dømes sjå til Sveits, der har dei sukkerlager som varer i tre månader. Varer vi ikkje greier oss utan kan vi stort sett ha på lager – så det kan vere eit alternativ for sukkeret òg. Sidan Noreg har meir usikre forsyningslinjer enn Sveits kunne vi gjerne hatt eit lager som heldt i seks månader, seier han.

Mads Svennerud i Nibio meiner produksjon i Noreg ikkje direkte kan erstatte sukkeret vi får i oss i dag.

– I og med at vi ikkje kan dyrke seigmenn og Haribo-godteri, vil ikkje ein eventuell norsk produksjon erstatte alt engrosforbruk av sukker som i dag kjem frå importsukker, seier han.

Ni prosent av energien vår kjem frå sukker. Men både produksjon og raffinering skjer i utlandet. I og med at vi ikkje kan dyrke godteri, vil ikkje ein eventuell norsk produksjon erstatte alt engrosforbruk av sukker som i dag kjem frå importsukker.
Powered by Labrador CMS