nyhende
— Trur me kanskje har fått vener for livet
Sist veke var det internasjonalt på Sveio skule, då det kom elevar frå både Tyskland, Italia, Ungarn og Frankrike på besøk.
Seks elevar frå kvart land, og til saman 10 lærarar hadde tatt turen til Sveio. Dette i samband med Erasmus-prosjektet, eit europeisk initiert samarbeidsprosjekt for å fremje samarbeid i Europa, og som Sveio skule har vore ein del av i om lag 20 år.
— Det er jo viktigare no enn nokon gang et europearar vitjar kvarandre, og spesielt ungdommen, sier Elisabeth Enerstvedt. Ho er ein av dei tilsette med lengst røynsle med Erasmus-prosjekt i Sveio skule, og som er ein støttespelar for ein travel prosjektleiar Sølvi Hovda.
Internasjonalt valfag
Det er elevar som har vald internasjonalt samarbeid som valfag, som får høve til å delta i prosjektet. I vår var fleire av dei på Erasmus-reise til Italia, og no var det altså Sveio sin tur til å vere vertskap. Dei utanlandske elevane kom til Sveio sist sundag, og vart innkvartert i familiar til elevar ved skulen.
— Det var spennande å få ein framand og utanlandsk elev inn i heimen, og veldig kjekt. Me har fått god tid til å bruke engelsken me har lært i praksis, fortel Mathilde Haaversen og Ingrid Andrea Kvalvåg Panayiotou. Dei har hatt høvesvis Michele Torn frå Italia og Sabine Tellier frå Frankrike heime i sine familiar.
Flotte turar
I løpet av veka har gjestane vorte kjende med korleis skulekvardagen er i Noreg, og dei har reist rundt på heile Haugalandet for å bli betre kjent med regionen. Dei har mellom anna reist på ribtur til Røvær, kor dei besøkte Havbrukssenteret. Og dei har vore i klatreparken i Nedstrand. Det er særleg naturen Sabine og Michel har merka seg. Dei var også heldige med vestlandsvêret, då dei i strålande vêr gjekk dei til Himakåna, den kjende fjellformasjonen ved Nedstrand i Tysvær.
— Det var ei flott oppleving, seier dei to.
Dei skryt også av vertsfamiliane sine.
— Dei har teke så utruleg godt vare på oss, seier Michel.
Dei fleste hadde elles rekt å bli litt kjente med kvarandre via sosiale media før dei kom på besøk.
— Sånn var det ikkje då med starta opp for 20 år sidan. Då skreiv med brev til kvarandre i forkant, fortel lærar Elisabeth Enerstvedt.
— Vener for livet
Torsdag var siste besøksdag. Då vart opphaldet i Sveio avslutta med leik og aktivitetar i idrettshallen i Vigdartun. Der sto mellom anna slalåm på rullebrett og skiskyting på programmet. Og stafett på lange ski – spesialbygd for seks personar– utfordra elevane sine samarbeidsevne litt ekstra.
Og det var berre blide elevar å sjå då Vestavind var innom.
— Eg trur nok kanskje me har fått venar for livet her, seier Ingrid Andrea Kvalvåg Panayiotou.
Til hausten skal Sveio-elevar på reise til Tyskland, mens ei anna gruppe skal til Ungarn eller Italia til våren.