nyhende

Statsbudsjettet:

Kommunalsjef Ingunn Toft er svært nøgd med tilsetjinga.
Kommunalsjef Ingunn Toft er svært nøgd med tilsetjinga.

Truleg trongare Sveio-økonomi

Kommunane ligg an til å få auka rammar, men når budsjettet for Sveio kommune er justert for lønsvekst, prisvekst og ikkje minst pris på straum, kjem kommunen sannsynlegvis ut med ein fasit som viser at det blir mindre pengar å rutte med neste år.

Publisert Sist oppdatert

Det er den førebelse konklusjonen til konstituert Sveio-rådmann Ingunn Toft etter å ha skumma seg gjennom regeringa sitt forslag til neste års statsbudsjett.

— Vil kunne få konsekvensar

Toft understrekar at kommunen ikkje har ein detaljert oversikt for korleis forslaget til statsbudsjett vil slå ut for over helga, men ho ser teikna til ein trångare kommuneøkonomi neste år.

— Det kan få konsekvensar for tenestetilbodet til innbyggarane i Sveio, men i kva omfang er litt for tidleg å seie noko om enno, seier ho.

Får detaljane måndag

Administrasjonen i Sveio jobbar for tida med forslag til kommunebudsjett for neste år. Måndag får rådmannen og hennar stab ei meir detaljert oversikt over forslaget til statsbudsjett frå KS, og konsekvensane det vil ha for kommunen. Desse tala vil så bli lagt til grunn for det vidare arbeidet som dei folkevalde i Sveio skal ta endeleg stilling til i desember.

Powered by Labrador CMS