nyhende

Politiet fjernar demonstrantar som protesterte mot Nordic Mining sitt løyve til å deponere 170 millionar tonn gruveavfall i Førdefjorden. Arkivfoto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK
Politiet fjernar demonstrantar som protesterte mot Nordic Mining sitt løyve til å deponere 170 millionar tonn gruveavfall i Førdefjorden.

Truleg Førdefjorden-dom i veka som kjem

I veke 33 er det venta at Borgarting lagmannsrett skal avgjere ei av dei mest omstridde miljøsakene i Noreg.

Publisert Sist oppdatert

Saka handlar om løyvet til gruveselskapet Nordic Mining om å deponere gruveavfall i Førdefjorden i Sunnfjord kommune.

Selskapet skal utvinne mineral frå Engebøfjellet i Naustdal. Undersøkingar i fjellet viser at førekomsten av mineralet rutil er større enn nokon annan stad i landet, og vil gi grunnlag for gruvedrift i femti år.

170 millionar tonn i fjorden

Nordic Mining fekk i 2015 løyve av Klima- og miljødepartementet til sjødeponering av opptil 170 millionar tonn gruveavfall i Førdefjorden.

Søknaden og løyvet om sjødeponi har skapt sterke protestar. Miljørørsla – ved Naturvernforbundet og Natur og Ungdom – meiner at å lagre rundt fem millionar tonn gruveavfall i fjorden kvart år vil gjere omfattande skade – blant anna på fleire fiskeslag som held til der.

Løyvet vart klaga på av miljøorganisasjonar, men avvist av regjeringa i februar 2016. Selskapet fekk samtidig løyve til å deponere gruvemassar frå drifta i ytre del av Førdefjorden.

Det er funne store førekomstar av mineralet rutil i Engebøfjellet i Sunnfjord. Gruvedrifta for utvinning av mineralet er stort nok til å gi grunnlag for femti år med gruvedrift.

Saksøkte staten

I 2016 lenkja aksjonistar frå Natur og Ungdom seg fast for å hindre igangsetjing av prøveboring. Aksjonen vart avbroten etter to veker. I 2022 blei 20 aksjonistar arresterte under ein demonstrasjon mot deponiet i fjorden.

I juni 2020 fekk Nordic Mining driftskonsesjon, som også vart klaga på.

Sommaren 2022 saksøkte Naturvernforbundet og Natur og Ungdom staten for løyvet. 10. januar i fjor kom dommen der miljøorganisasjonane tapte på alle punkt og vart dømde til å betale 1,4 millionar kroner i sakskostnader.

Efta-støtte til miljørørsla

Miljøorganisasjonane anka så saka til Borgarting lagmannsrett. I mars i år gav Efta-domstolen ei rådgivande uttale der dei støtta synet til miljøorganisasjonane: økonomiske gevinstar er ikkje god nok grunn til å tillate forureining av fjorden. Ankesaka vart behandla i Borgarting lagmannsrett 10.–12. juni 2025.

I ein e-post til Nynorsk pressekontor, skriv Borgarting lagmannsrett at dommen i saka om Førdefjorden truleg blir «avsagt» mellom 11. og 15. august.

Nordic Mining kan halde fram drifta medan rettsprosessen går føre seg. Selskapet starta prøveproduksjon i desember 2024 og hadde formell opning av anlegget i mai i år.

Powered by Labrador CMS