nyhende

Grethe Lier Alne (t.v.) og Nina J. H. Matre er klar for innsats for Sveio Næringsforum.FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Grethe Lier Alne (t.v.) og Nina J. H. Matre er klar for innsats for Sveio Næringsforum.

Trør til for næringslivet i Sveio

Sveio Næringsforum er oppe og står. — Me skal vere ei tydeleg røyst inn mot styresmaktene, og ein møteplass for alle som driv næring i kommunen, seier Nina J. H. Matre og Grethe Lier Alne som sit i styret.

Publisert Sist oppdatert

I februar vart det vedtatt gå i gang med ei re-etablering Sveio Næringsforum, etter ei periode på seks-sju år kor næringslivet i kommunen ikkje har hatt noko felles organ som jobbar for deira interesser.

I desse dagar skjer den meir formelle og fysiske skipinga av forumet, som først og fremst skal vere næringslivet si røyst inn mot kommunen og andre styresmakter, ifølgje styreleiar Nina J. H. Matre og styremedlem Grethe Lier Alne.

Ei felles røyst

Ei av dei første oppgåvene til næringsforumet blir å gi ei uttale til rådmannen sitt framlegg til ny næringsplan for Sveio kommune. Framlegget skal etter planen handsamast av formannskapet før den så blir lagt ut for høyring.

— Då vil næringsforumet vere ein viktig høyringspart, seier dei.

Også i andre kommunale saker som handlar om utvikling, knytt til eksempelvis veg og næringsareal, ser dei føre seg at næringsforumet blir ein viktig høyringspart på vegner av sine medlemmar.

Dei syner til at det nok er mange som driv næring som ser at styresmaktene jobbar med saker som angår dei, men som ikkje ser seg tent med å bruke dyrebare arbeidstimar tid til å skrive høringsbrev til styresmaktene.

— Då kan dei ei i staden sende sine innspel til oss, så samanfattar med desse i ein felles uttale, seier Matre.

Møteplassar

Vel så viktig som å vere ei felles røyst i politiske saker, blir å skape ein sosial arena for næringslivet. Næringsforumet tar mål av seg til å lage møteplassar kor bedrifter, enten dei er små eller store. Her skal dei kunne bli kjende med kvarandre, og gjennom nettverksbygging kanskje utvikle både samarbeid og vekse seg sterkare som ein konsekvens av det.

Første samling i juni

Forumet skal arrangere to frokostmøte årleg. I tillegg er det lagt opp til to såkalla næringssamlingar, som vil vare lenger enn frokostmøta og gå føre seg på kveldstid.

Det skal også bli rom for eit årleg julebord i regi av næringsforumet.

Den første samlinga for medlemmane blir eit frokostmøte den 17. juni. På det første møtet vil styret orientere om kva saker og prosjekt dei vil jobbe vidare med.

— Og me vil at medlemmene skal spele inn saker dei ønskjer me skal jobbe med. Det er jo medlemmane me er til for, presiserer Matre.

Gjennom nettstader og sosiale media skal næringsforumet dessutan bidra til å gjere medlemmane kjende.

— Ei eiga Facebook-side er allereie på plass, snart er også en Instagram-konto oppe og går, fortel dei.

Dugnad

Førebels er det ingen planar om å tilsetje nokon i Sveio Næringsforum. Arbeidet blir gjort på dugnad.

— Sveio er ein dugnadskommune, så det er med vant med, seier dei og legg til at det styret går i gang med både pågangsmot og engasjement.

Dei seier at både enkeltpersonføretak, større verksemder og lag og organisasjonar kan melde seg inn i forumet.

— Ein kan også bli med som sponsor, legg dei til.

Powered by Labrador CMS