nyhende

Får éin MGP-sjanse til:

Jostain Austvik og resten av bandet Trollfest var nærme, men røyk ut av MGP laurdag kveld. SKJERMDUMP: NRK
Jostain Austvik og resten av bandet Trollfest var nærme, men røyk ut av MGP laurdag kveld. SKJERMDUMP: NRK

Trollfest med kurs for MGP-finalen

Trollfest og Jostein Austvik frå Sveio får spele live på MGP-scena minst ein gong til.

Publisert Sist oppdatert

Det er klart etter at bandet hans Trollfest og låta «Dance Like A Pink Flamingo» var blant dei fire som vart stemt fram av tv-sjåarar og radiolyttarar til å få lov til kjempe om den siste finaleplassen i Melodi Grand Prix.

Dei rosa flamingoane fekk som kjent ikkje nok røyster i den første delfinalen, og var difor mellom dei 12 som måndag kveld fekk ein mogelegheit i den første delen av sistesjansen. Sendinga var basert på opptak frå delfinalen.

Fekk siste telefon

Og spenninga varte til siste slutt måndag kveld. Først vart Mari Bølla ringt opp og foræra den første av dei fire plassane til laurdagens sistesjanse-sending. Så var det Mari Mohn som blei ringt opp. Så fikk Kim Wigaard den tredje plassen.

Og den siste telefonen var det altså Trollfest som fikk.

Dermed er det klart for eit nytt møte mellom tv-sjåarane og dei elleville rosa flamingoane på direkte-sendt i siste del av sistesjansen direkte på NRK1 førstkomande laurdag.

Powered by Labrador CMS