nyhende
Trippel-utstilling på Ryvarden
Arbeidene til kunstnarane Ellen Kalvig frå Suldal, Turid Vikene frå Stord og Liv Sørvaag frå Haugesund er no å sjå på Ryvarden Kulturfyr.
Trioen får æra av å avslutte kunstsesongen på fyret. Utstillinga består av arbeid med tresnitt, keramikk, teikning og grafikk, heiter det i ei pressemelding.
Inspirert av naturen
Ellen Kalvig hentar inspirasjonen kjem frå naturen og landskapet som ho bearbeider malerisk og grafisk til menneskelige omgrep ved bruk av kontraster, lys, symbolikk og assosiasjoner. Ho har stilt ut jamnleg sidan 1986 i inn – og utland. Debututstilling i Sandnes kunstforening 1987, og medlem i NBK sidan 1988.
Turid Vikene er er kjend som ein allsidig og leiken keramikar. Ho vekslar mellom å laga bruksvenleg kunst i klassiske former som lysestakar, store fat, koppar, mm til å skapa store skulpturelle arbeid. Ho arbeider stort sett med høgtbrendt steingods og litt porselen. Somme tider brukar ho metall, glas, plast og tre.
Prisvinnar
Liv Sørvaag arbeider med både teikning, maleri og grafikk. For det meste intuitivt. Ho har eit figurativt formspråk, men arbeider også med abstrakte temaer. Nylig fekk ho utdelt Høstsalongens Kunstnerpris.
Utstillinga står fram til 27. november.