nyhende

Treskulptøren på kongeøya

Kennth Ravn Ottesen (50) er fascinert av vikingar – og planter. Olaf Harald Furre (52) deler langt på veg dei same interessene. Ikkje rart dei to fann saman i eit fruktbart samarbeid under utviklinga av Rex Garden i Førde.

Publisert Sist oppdatert

Olaf Harald Furre er forretningsmannen og samlaren med hytte i Førde som har brukt millionar av kroner på å finansiera Rex Garden. Treskulpturane i parken er forma med motorsag av Kenneth Ravn Ottesen. Rhododendronparken i Førde er kjent langt utanfor Sveio sine grenser og trekkjer til seg besøkande frå inn- og utland.

Langt mindre kjent, men minst like fascinerande, er «filialen» Rex Island. Det er her Ottesen har utfalda seg mest dei siste tre–fire åra. Og her ser han for seg å arbeida i lang tid framover. Framleis med Furre som oppdragsgivar.

Thomas Helgesen pustar djupt inn og nyt angen av ein blomstrande duftkrossved. Den første rhododendronen blomstra alt i januar, fortel han.

– Medan me held på her, dukkar det stadig opp nye idear. Me har to-tre år til med grovarbeid. Deretter ser me for oss å halda fram med å setja opp bord og benker, laga rasteplassar og badeplasser, seier han entusiastisk.

4.200 planter

Rhododendronparken Rex Island er etablert på Vestre Kadløy i Førdespollen, ei perle som båtturistar knapt veit om, og som sjølv store delar av lokalbefolkninga aldri har besøkt. Her finst ingen skilt som viser veg, men i sørenden av øya er det lagt ut ei solid flytebrygge som gjer tilkomsten lett.

På øya er det så langt sett ut 4.200 planter og opparbeidd mellom 800 og 1.000 meter med gangstiar, fortel dagleg leiar i Rex Garden, Thomas Helgesen (29).

– Mesteparten av plantene er ulike sortar rhododendron, men også magnolia, frukttre og ulike buskar.

Helgesen stansar opp ein augneblink og snusar inn den gode lukta frå blomstrane på ein duftkrossved. Han er som oftast med i arbeidet ute på øya, men det er Ottesen som står for den kreative utforminga. Planane blir i stor grad til under vegs, forklarar dei.

Kenneth Ravn Ottesen har studert norrøn mytologi og fått med seg at Odin måtte ofra det høgre auget sitt for å sikra seg evna til å sjå inn i framtida. Dette har han fått fram på denne skulpturen av den fremste av æsene.

Naturen lever, og dei tilpassar seg endringane som skjer. Ei rotvelt, for eksempel, treng ikkje by på problem. Snarare på nye sjansar til å forma skulpturar eller kvileplassar.

Vikingar

Treskulpturane står sentralt. Like ovanfor flytebrygga møter besøkande dei første, eit par vikingar og den fremste blant æsene i norrøn mytologi, Odin sjølv. Kunstnaren har fått med seg at Odin berre hadde eitt auge. Det andre måtte han ofra for evna til å sjå inn i framtida, heiter det i dei gamle gudesegnene.

Mellom skulpturane på Rex Island finst også fleire sverd og ein drage. Dragen er resultat av ei rotvelt, fortel Ottesen.

Alle treskulpturane på Rex Island er laga av stubbar etter tre som er blitt kutta eit par meter over bakken. Og dei er alle rotfaste, forma med motorsag på staden.

– Det er vel 10–12 år sidan eg byrja å forma skulpturar med motorsag. Det starta  tilfeldig. Far min skulle ha bort eit tre og spurte om eg  kunne forma noko ut av stubben, fortel han.

Likar best å arbeida for seg sjølv

Ottesen veit at han ikkje er åleine om kunstarten sin, men har ikkje tatt seg så mykje tid til kontakt med andre som driv med det same. Rett nok har han møtt den fremste blant dei norske, Oliver Vogt. Han har hatt utstillingar og blei kalla «treskjærarane sin Michelangelo» i ein NRK-dokumenter for nokre år sidan.

– Ein betre arbeidsplass enn dette kunne eg ikkje fått, seier Kenneth Ravn Ottesen medan har ser ut over «kongeøya» medan sola skin og fuglane syng omkring han.

Utstilling er ikkje noko for Ottesen. Han likar best å arbeida for seg sjølv. I så måte er Rex Island ideell. Utanom Helgesen sitt selskap er han berre omgitt av vakker fuglesong. Havørnene svevar høgt over øya medan ein nøtteskrike har valt å følgja kunstaren sitt arbeid på nært hald.

– Eg kan ikkje tenkja meg ein finare plass og eit betre arbeidsmiljø, seier han.

Kunstverk som forvitrar

Ottesen lagar ikkje berre skulpturar. Av tre og greiner som er blitt felte, har han blant anna forma eit 50 meter langt vikingskip, på storleik med dei største ein kjenner til frå historia.

Det 50 meter lange «vikingskipet» midt på Rex Island vil etter kvart forsvinna.

– Vikinginteressa er vel også litt tilfeldig, i tråd interessa for vikinghistorie som generelt finst i samfunnet. Det gir inspirasjon å tenkja på at vikingar for tusen år sidan sikkert også rusla rundt på denne øya. I Førde var det stasjonert eit leidangsskip med 20 årepar, fortel han.

I vinter og vår har han forma ein enorm kross på same måte. Krossen er også eit gammalt symbol som vikingane møtte på sine herjetokt ute i Europa. Og han har laga fleire «gravrøyser» av tre der småfuglane synest å trivast svært godt.

Ottesen veit at kunstverka han formar, vil bli brotne ned til jord over kortare eller lengre tid. Det gjeld også skulpturane, endå om dei får tørka godt og blir behandla med olje.

– Eg tenkjer ikkje så mykje på det, har det kjekt der og då mens eg arbeidar. Eg får pågangsmot og energi når folk set pris på det eg lagar. Det er verre for dei som lagar isskulpturar, seier Ottesen med eit lunt smil under ein kaffipause med makkeren Helgesen.

Powered by Labrador CMS