nyhende
Treng meir plass til Flokehytte-veden
Turistforeininga ynskjer å byggje ny bod ved Flokehyttene på Ryvarden for å få meir plass. — Det er ikkje nok plass til veden, seier arkitekten bak søknaden til Vestavind.
I forrige veke mottok Sveio kommune ein søknad på vegne av Haugesund Turistforening om utviding av den eksisterande boden ved Flokehyttene.
For dei lokalkjende er dette den nye boden som ligg på venstre side av vegen rett før ein kjem til sjølve Ryvarden, og ved vegen til Flokehyttene.
Ifølgje søknaden ynskjer ein å få på plass ein ny bod samanhengande med det eksisterande bygget..
Fleire argumenter for eit nybygg
Arkitekten bak teikninga, Roald Bø, meiner det kan verte eit godt tilskot og er gjennomtenkt i sjølve oppføringa.
— Så snart det er godkjent kan de kome i gong med bygginga, seier Bø til Vestavind.
Ifylgje han vil eit nybygg vil skjerme for vind mot inngangen til eksisterande bygg, der det ofte er både mykje vind og venting.
Sjølve taket på nybygget er skrått slik at det ikkje lager skugge for solcelle-panela på det eksisterande bygget.
Etter Flokehyttene opna har det vore meir trafikk på vegen ut mot Ryvarden, både for å levere og hente ting.
— Det var ikke nok plass til all veden, så då trengs det ein ny bod, seier han.
Færre turer med bil
Bø håpar ein ny vedbod vil gi færre utkøyringar.
— Då vil ikkje ein belaste vegen så mykje, det var hovudintensjonen seier Bø.