nyhende
Nye retningslinjer for testing ved mistanke om korona-smitte:
Treng ikkje vurdering av lege
Frå onsdag 12. august er det nye testkriterium for covid-19. Mistenker du smitte, kan du bli testa utan å bli vurdert av lege først.
– Det er viktig at alle som nå trur at dei kan vera smitta eller har forkjølelseslignande symptom nyttar høvet til å testa seg. Korona-testing er gratis og svaret får ein etter ein til to dagar ved å logga seg på helsenorge.no, seier assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad i ei melding på fhi.no
Helsetenesta bør anbefala covid-19 testing for:
• Alle med nyoppstått luftvegsinfeksjon eller andre symptom på covid-19
• Alle som kan ha blitt smitta med covid-19, enten som nærkontakt eller etter reise i land med høge førekomstar dei siste 10 dagane
Andre grupper kan testast etter vurdering av lege. Ved test av personar som ikkje har symptom og ikkje er smitteeksponerte må positiv test bekreftast av ny test, opplyser nettstaden.
På generelt grunnlag skal personar frå Sveio skal testast i Tysvær (Aksdal). For å testast må ein først kontakta testsenteret for å avklara behovet og bestilla time. Testsenteret kan kontaktast på tlf. 52 75 74 00 (kvardagar kl. 08.30–15.00). Kjelde: Sveio kommune.