nyhende
Treng hjelp til å berge bedehuset
Delar av Førde Bedehus er dei siste åra blitt rusta opp på dugnad. Men no er det snart tomt for pengar, samstundes som ein god del naudsynt vedlikehald står att. — Me treng hjelp, seier Bjarne Hovda i bedehusforeininga.
Førde Bedehus er eit viktig selskapslokale for mange i Førde-bygda. Det er ikkje få barnedåpar, konfirmasjonar og minnemøte som har blitt haldne der.
Men huset treng vedlikehald. Ein god del er gjort allereie, men no er kassa skrapa for pengar. Difor frir bedehusforeininga no til potensielle sponsorar om å bidra med pengar for at dei skal kunne tav vare på huset.
Kleding og vindauge
Mykje vedlikehald er altså tatt, takka vere iherdig innsats frå ein dugnadsgjeng som i hovudsak har bestått av trioen Bjarne Hovda, Johan Selsås og Ole Kalkvik.
— Men det er grenser for kor mykje me kan klare. Resten bør gjerast av fagfolk, meiner Hovda.
Det som står att handlar først og fremst om å byte fem vindauge, og erstatte gamal og dels rote furukleding med ny og trykkimpregnert kleding på om lag halve bygget.
Hovda anslår at det utvendige vedlikehaldet vil koste mellom 300.000 og 350.000 kroner.
— Det er pengar bedehusforeininga ikkje har per i dag, seier han.
— Kva skjer om de ikkje lykkast med å skaffe midlene?
— Då må me ty til noko naudløysingar, som å male på den på råte kledinga. For det kan i alle fall ikkje sjå ut som no, då skremmer me vettet av potensielle leigetakarar, fryktar han.
Elles er ting i orden innvendig i lokalet, kor ein kan dekke på for inntil 100 personar.
— Me skulle kanskje gjort noko meir med kjøkenet. Men me har i alle fall steamer og nye kaffimaskinar, og det er eit godkjent og lovleg kjøken per i dag, understrekar han.
Håpar på støtte
Bedehusforeininga har sendt ein god del søknadar til bankar og andre som deler ut midlar til gode føremål. Men dei har førebels berre lukkast med å reise om lag 50.000 kroner.
— Ein bank har me fått gåve i frå, mens ein annan har meldt tilbake at dei ikkje gir pengar religiøse formål, seier han og ristar litt oppgitt på hovudet.
No kryssar han fingrane for at potensielle givarar les Vestavind, og vil melde seg som bidragsytarar for å sikre at bedehuset kan leve vidare.