nyhende

Treng fleire med på notane

Valestrand skulekorps har denne hausten som mål å starta eit generasjonskorps slik at fleire kan spela i lag. Rekruttering i rekkene er nødvendig for at korpset skal bestå.

Publisert Sist oppdatert

Musikantar, unge som eldre, frå Førde og Valestrand, klarte også i år å skapa stemning på nasjonaldagen. Men no held det hardt for Valestrand skulekorps som for tida ikkje har eit einaste aktivt medlem.

– Me må prøva alt me kan å få foreldre til å melda borna sine på kulturskulen og til å motivera dei som har spela før, til å starta igjen, seier Anne Lise Økland, leiar i Valestrand skulekorps.

– Det hadde vore kjekt å hatt eit stort korps til julekonserten i Valestrand kulturkyrkje i desember i år, seier leiar i Valestrand skulekorps, Anne Lise Økland. Her med tuba i årets 17. mai tog. FOTO: Privat

– Lyst å prøva instrument?

Ho minner om at kulturskulen har tilbod som elevane kan nytta seg av i SFO-tida på skulen. Instrument er det også godt om.

– Me har instrument som står på lager, så det er berre å ta kontakt om nokon vil prøva instrument. Og me vil få til bowling og pizza for dei som startar no i haust, i tillegg til det å læra å spela eit instrument, tipsar Økland.

Sjølv har ho klart å samla saman ein gjeng, og håpar gjennom litt publisering å samla enda fleire, både vaksne og born. Målet er å starta eit generasjonskorps, der dei får med Førde og Auklandshamn på laget.

Også Førde slit

Ifølgje leiar i Førde skulemusikkorps, Tore Grutle, har også dei behov for å fylla opp i rekkene, – per i dag er det berre seks medlemmer i korpset.

– Me skal i gong med ein rekrutteringsrunde no på Førde skule, og eventuelt Valestrand og Auklandshamn, i håp om få nye aspirantar. Elles blir det nok å gå i samarbeid med Valevåg. Korleis dette blir, kan eg ikkje svara heilt på, då me verken har diskutert skikkeleg i styret enda, eller med dirigent. Men me finn nok ei god løysing. Det med vaksne og yngre ilag, synest me også er eit godt forslag. Elles håpar me å få til mange andre kjekke ting rundt korpset framover, no som forhåpentlegvis koronaen lettar, opplyser Grutle.

Powered by Labrador CMS