nyhende

Desse øvde på «Ja, vi elsker» då lokalavisa var innom øvinga til Sveio skulekorps måndag sist veke. Frå venstre: Kjersti Jøsok, Signe Berthilde Lie Hellesnes, Arne Martin Helland, Birger André Lillås, Thilde Hegerland Christensen, Marte Stokkenes, Martine Bua, Mats Østerli Nærum, Jon Tobias Lillås, Caroline Bua, Per Marco Trejo og Hallvard Stokkenes.FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Desse øvde på «Ja, vi elsker» då lokalavisa var innom øvinga til Sveio skulekorps måndag sist veke. Frå venstre: Kjersti Jøsok, Signe Berthilde Lie Hellesnes, Arne Martin Helland, Birger André Lillås, Thilde Hegerland Christensen, Marte Stokkenes, Martine Bua, Mats Østerli Nærum, Jon Tobias Lillås, Caroline Bua, Per Marco Trejo og Hallvard Stokkenes.

Treng fleire korpsvener

Koronapandemien har råka rekrutteringa til Sveio skulekorps, og no spøker det for korpset sin eksistens. — Skal korpset bestå, må me ha ny rekruttering, slår korpsleiaren fast.

Publisert Sist oppdatert

For å ta det viktigaste først: Det blir korpsmusikk i gatene i Sveio sentrum 17. mai.

Men det var ikkje gitt at det skulle bli slik.

— Me har hanka inn nokre vaksne, foreldre og tidlegare musikantar, seier korpsleiar Ranveig Hegerland.

Tuba, or not tuba

Men framtida for korpset er uviss. Det er rett og slett eit spørsmål om «tuba, or not tuba».

Difor frir korpsleiaren til elevar ved Sveio skule og Vikse skule, som begge soknar til Sveio skulekorps.

— Skal korpset bestå, må me ha ny rekruttering, slår ho fast.

Utan korps, må sveibuen sjå langt etter både korps i Sveio sentrum på 17. mai i framtida, og under den tradisjonelle korpsmusikken i gudstenesta julaftan i Sveio kyrkje.

— Folk tek det nok litt for gitt at det er korps desse merkedagane. Men no treng me hjelp for å kunne få dette til, slår ho fast.

Mista to kull

Korpsmedlemmar flest startar vanlegvis på musikk-karriera si frå 3.-5 klasse. Fleire heng med helt til dei er ferdige med vidaregåande.

Hegerland fortel at den naturlege rekrutteringa til korpset skjer gjennom aspirant-øvingar i regi av Sveio kulturskule. I samband med koronapandemien blei desse øvingane avlyste, og då kom det heller ingen nye aspirantar til.

I praksis har korpset mista to kull med nye aspirantar.

— Me hadde ei god gruppe med aspirantar som starta det skuleåret pandemien trefte oss, fortel ho.

Ei gruppe på ni aspirantar er no nede på to.

— Det er veldig synd, for det var ei god gruppe, seier ho.

Skryt av miljøet

No håpar ho at det finst fleire som har lyst til å bli med i korpset, som, når det kjem til sjanger, er eit brassband.

— Me har eit godt miljø, der alle blir inkluderte. Ingen sit på reservebenken i eit korps, og ein får gode vener på tvers av aldersgrupper. Dei yngste og eldste går godt saman, og tek god vare å kvarandre, seier ho.

Korpset har forutan ei øving i veka, om måndagane, fleire sosiale aktivitetar for medlemene. Mellom anna seminar og korpsturar. I år er korpset 60 år, og då slår dei på stortromma. I haustferien går turen til Island.

— Då skal me både øve litt medan vi er der, og dra på utflukter, fortel ho.

— Myte om dugnad

Korpsleiaren legg til at ho har høyrt om unge som ikkje får lov av mamma eller pappa å spele i korps. Det synest ho er trist, men ho trur ei årsak til dette er eit feilaktig rykte om at det høyrer mykje dugnad med.

— Det er ein myte at det er mykje dugnad i korpset, seier ho.

Ho syner til at det er litt dugnad knytt til Sveiomarknaden, som blir arrangert berre anna kvart år (neste gong i 2023), og i tillegg kan det vere behov for å ta ei korpsvakt på eit seminar innimellom.

Powered by Labrador CMS