nyhende
Torbjørn Røe Isaksen på Sveio-besøk:
Treng at fleire bedrifter tar samfunnsansvar
Ferien er over for arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen. Det er under 40 dagar til det er stortingsval, men det var aller mest statsråden, og ikkje Høgre-representanten som var på bedriftsbesøk nord i Sveio torsdag denne veka.
Bremnes Seashore fekk vist fram verdas første heilelektriske oppdrettsanlegg, som ligg utanfor Bjørgjo i Ålfjorden. Det er verksemda sjølv som har stått for utviklinga, og sjølvsagt drifta. Det er rundt 14 månadar sidan straumen blei kopla til, og det har i følgje driftsleiar Frode Kvarven gått knirkefritt sidan.
– Mange oppdrettsanlegg har landstraum til flåten, der mat og siloar er, men me har også 1000 volt ut til merdane, slik at båtar kan leggja til og få straum. Det er ingen forureiningar i produksjonen, oppsummerer Kvarven, som er stolt over arbeidsplassen sin.
To-dagars turné
Hybridbåten M/S «Ida» med Tore Farestveit som båtførar tok følgjet frå Tittelsnes kai og ut til Loddetå, ein lydlaus tur på rundt 20 minutt.
Statsråden, som hadde eit følgje på tre frå departementet med seg, nytta båtturen til å prata med dei tilsette i oppdrettsverksemda og fekk mellom anna vita meir om drifta før og no, kva lærlingane tenkjer om næringa og behovet for ny teknologi.
Satsing på menneske var eit relevant tema for besøket.
Samfunnsansvar
Bømlo-verksemda samarbeider nemleg med NAV for å bidra i inkluderingsdugnaden, eit felles samfunnsoppdrag for å få fleire i arbeidsfør alder ut i arbeidslivet.
– Me finn løysingar saman med NAV, og gir individuell jobbstøtte til arbeidstakarane. Bremnes Seashore har den siste tida gitt jobbtilbod til 25 menneske som av ulike årsaker har stått utan arbeid. Me har også hatt fleire på arbeidstrening som har fått vidare jobbtilbod, seier bemanningskoordinator Karina Børnes.
Ho legg til at arbeidsmiljøet i Bremnes Seashore er mangfaldig, med arbeidstakarar frå fleire kulturar, alder, og kjønn.
Auka livskvalitet
NAV region Sunnhordland var også representert under besøket frå hovudstaden. I følgje Sindre Vikanes, er gode inkluderingssamarbeid, slik som dei har med Bremnes Seashore og andre bedrifter viktige bidrag i arbeidet med å få fleire ut i jobb og aktivitet.
– Her matchar me fleire behov. Bremnes Seashore kan få dekka sitt rekrutteringsbehov, samstundes som dei er med og tar eit viktig samfunnsansvar. For den som står utan jobb vil slike samarbeid kunne gi ein sjanse i arbeidslivet til få lønna arbeid, meistring og auka livskvalitet og i somme tilfeller betre helse, seier Vikanes i NAV region Sunnhordland.
Røe Isaksen er glad for å få eit innblikk i det viktige arbeidet som blir gjort på dette området.
– Det blir gjort mykje bra for å få unge inn i arbeid. Det er viktig å halda fram med. Unge er overrepresentert på arbeidsledigheitsstatistikken, det er ei utfordring, medgir Røe Isaksen.
Næringsutvikling
Administrerande direktør Einar Eide synest det var hyggeleg å få besøk av statsråden.
– Me har fått vist fram bedrifta, og fått fram viktigheita av lokal næringsutvikling. Påfyll av kompetanse er også svært viktig for verksemda, seier leiaren, og viser til ei ny havbrukslinje som er under opparbeiding på Bømlo, mellom anna i samarbeid med nettopp Bremnes Seashore.
Forutan inkludering i arbeidslivet, er lærlingar eit satsingsområde. To av dei tok i mot Oslo-følgjet. Hans Hallaråker og Noah Berge har ulike læringsløp. Det vil seia, Hallaråker få dagar igjen av læretida på to år. Fagbrevet er i boks, no ventar fast jobb på ungdomen frå Bømlo.
Læreløp
Berge frå Fusa går på Fusa vidaregåande skule på TAF/YSK. I løpet av fire år fører modellen han til både studiekompetanse og fagbrev, utdanninga består av både arbeid og skule.
– Eg er her to dagar i veka og på skule tre dagar i veka, forklarar Noah Berge, som synest det er ein fin kombinasjon.
Statsråden spurte ungdomane kvifor dei valde oppdrettsnæringa.
– Det er spennande og kjekt, og det skjer mykje. Ikkje det same kvar dag, er dei to samstemte om.
Fleire inkluderande
Røe Isaksen var innom fleire verksemder på Haugalandet og i Sunnhordland over to dagar, og sette pris på vera utanfor departement-kontoret i Oslo. Slik oppsummerer han tida i Sveio:
– Me var ikkje berre heldige med vêret, me fekk òg sjå Vestlandet på sitt vakraste. Det var eit spennande besøk til ei offensiv næring som er viktig for Noreg. Det einaste eg angrar på, er at eg åt to lakseburgarar. Eg blei litt sigen, men det tok seg opp igjen før eg kom til Stord, medgir statsråden med glimt i auga.
– Kva tar du med deg til departementet frå Sveio-besøket?
– Forutan å seia til kantina at me kan ha lakseburgar oftare, vil eg få fram kor avgjerande det er å ha samarbeid med privat næringsliv for å inkludera fleire. Me treng å ha bedriftene med på laget, og at dei stiller opp. Det er heilt nødvendig, seier Røe Isaksen.