Etter 17 strake sesongar skal klubblegenden Vegard Hansen vere ferdig i rolla som trenar i 1. divisjonsklubben Mjøndalen. Det erfarer lokalavisa Drammens Tidende.
Mjøndalen hadde ein god start på sesongen, men har berre ein siger på dei siste 13 seriekampene, og røyk også ut av cupen mot 2. divisonslaget Kjelsås.
Ifølge avisa er det Kevin Nicoll som tek over som mellombels ny hovudtrenar i klubben.