nyhende
Treg start for Sveiåsen 3
Kommunalsjef Kenneth Tollefsen gler seg over at Sveio kommune den siste tida har selt fem bustadtomter på det kommunale feltet Lauvneset i Førde. Men i Sveioåsen går det tregt.
Salet av tomter på Sveiåsen 3, det nye feltet i Sveio sentrum, er det så langt berre selt tre tomter. Salet av tomtene på Sveiåsen 3 er sett bort til Eiendomsmegler A i Haugesund, og ansvarleg meklar er Fred Lippens.
Nok frå før?
— Feltet består av 24 tomter, men det blei frå først av beslutta politisk at feltet skulle seljast ut etappevis. Nå kan det bli aktuelt å leggja ut alle samla, opplyser Lippens til Vestavind.
Meklaren trur den labre interessa så langt først og fremst har samanheng med at Sveio har nok tomter frå før i forhold til etterspurnaden for tida. Kor vidt utsikter til renteauke og høge materialprisar spelar inn, vil korkje meklaren eller kommunalsjefen ha sterke meiningar om.
Tomterisen kan også spela inn. Tomtene på Sveiåsen 3 som er lagde ut, har ein pris på mellom 590.000 og 1.450.000 kroner. Dei største tomtene er på 1,2 mål.
— Det er dei dyraste tomtene, dei som ligg høgast og har den finaste utsikten, som er mest etterspurde, seier Lippens.
Når tomtene på Sveiåsen 3 er litt dyrare enn det som har vore vanleg i Sveio, forklarar han dette med at alt som gjeld infrastruktur på feltet her er fiks ferdig. Det har ikkje vore vanleg på tidlegare kommunale felt i Sveio.
— Gledeleg
I tillegg til sentrum har Sveio kommune ledige tomter på kommunale felt i Førde, Tittelsnes, Auklandshamn og Buavåg.
— Det er svært gledeleg at me nå har fått selt fem tomter på Lauvneset, seier Tollefsen.
Feltet ligg vestvendt med flott utsikt over Førdespollen. Her har det vore ein god del bygging dei siste åra. I tillegg til dei fem tomtene som nå er selde, er det fire ledige. Prisane på desse varierer mellom 326.699 og 348.716 kroner.
På Gramshaugfeltet på Tittelsnes er det ei ledig tomt igjen til 90.439 kroner. Det er den billigaste tomta kommunen for tida har å tilby. Også i Auklandshamn og Buavåg har kommunen rimelege tomter å tilbu. På Stølen i Auklandshamn varierer prisen på fire ledige tomter frå 101.242 til 111.646 kroner. På Tørresplasset i Buavåg ligg to tomter ute. Der er prisane 100.214 og 109.082 kroner.