Tysdag kveld fekk politiet melding om at ein førar hadde køyrd på eit rådyr og deretter inn i ein fjellvegg. Hendinga som politiet fekk melding om klokka 20.44 fann stad på E39 i Førde.
Føraren framstod som uskadd. Trafikken blei stengt i ein køyreretning ei tid etter ulukka.