nyhende

Geir Kvassheim frå Haugesund Turistforening, turgåar Gerd Sveen, Aud Signy Berge frå Ølen Betong Gruppen og Leif Grindheim i Legria AS håpar mange vil bruke dei nye turvegane i Ryvardsmarka. Her med Kvernavatnet i bakgrunnen.FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Geir Kvassheim frå Haugesund Turistforening, turgåar Gerd Sveen, Aud Signy Berge frå Ølen Betong Gruppen og Leif Grindheim i Legria AS håpar mange vil bruke dei nye turvegane i Ryvardsmarka. Her med Kvernavatnet i bakgrunnen.

Tre nye turstiar ved Ryvarden

Tre nye turstiar har sett dagens lys i Ryvardsmarka. Det etter ein solid jobb med skogning som mellom anna har fått gamle kulturminne fram i dagens lys. I haust blir løypene også både varda og T-merka.

Publisert Sist oppdatert

— Dette opnar området for folk på ein heilt ny måte, meiner Leif Grindheim.

Det er han, som gjennom sitt selskap Legria AS, har leia prosjektet som i korte trekk handlar om både å rydde skog og merke opp gamle og dels nye stiar i Ryvardsmarka.

Dette er dei nye merka løypene:

  • Tursti langs sjøen frå Mølstrevåg til Ryvarden (1,8km).
  • Rundløype langs Kvernavatnet (2,4 km)
  • Alternativ til Nordsjøløypa mellom Mølstrevåg og Lyngholmen (1 km).

Det var Gerd Sveen, som bur i området, som fekk ideen. Ho kjenner både kulturhistorien i Mølstrevåg godt, og ikkje minst dei små og store turperlene som har skjult seg bak berga på begge sider av vegen som går ut til Ryvarden fyr.

Flott utsikt mot Ryvarden.

Ho kontakta Aud Signy Berge i Ølen Betong, og då byrja snøballen å rulle. Ho kjente frå før til Legria AS, som har gjort fleire tilsvarande skogningsjobbar på Haugalandet sei siste åra. Dei kontakta Haugesund Turistforeining, som eig dei nye og populære Flokehyttene på Ryvarden, Sveio kommune og Ryvarden Kulturfyr. Alle tommelen opp for prosjektet.

Merking i haust

Det meste av ryddejobben vart gjort i 2021, men det har vore jobba også i år. Og i haust står sti- og vardegruppa  i Turistforeininga for vardebygging og T-merking. Det er noko dei så langt berre har drive mest med i Etnefjell-området, kor dei har sju hytter. No blir det altså også T-merka kystløype.

Det er sett opp kart ved inngangen til dei forskjellige stiane.

— For besøkande ved Flokehyttene er det fint å kunne nytte løyper utover sjølve vegen ut og Nordsjøløypa, seier Geir Kvassheim i sti og vardegruppa.

Og apropos Nordsjøløypa, så blir også den merka opp på nytt mellom Ryvarden, Lyngholm og Eltravåg som ein del av prosjektet.

Steinbrotet fram i lyset

Ifølgje Grindheim var det ein stor jobb med skogryddinga.

— Det var grodd att så mykje at du vil nesten ikkje tro det, seier han,

Blant godbitane frå kulturhistorie som no blir lettare tilgjengeleg er Steinbrotet. Ifølgje historia skal naturstein frå Mølstrevåg vere brukt som fundament både i Haugesund Rådhus og Garpaskjærskaien i Haugesund. Nokon meiener også å vite at naturstein frå Mølstrevåg er ein del av fundamentet som Friheitsgudinna i New York står på.

Det er flotte og lett tilgjengelege naturopplevingar som venter langs stien som følgjer sjøen ut til Ryvarden.

Ved Steinbrotet er det også ei gamal kai som no er rydda.

— Der er det fint å stå og fiske, seier Sveen.

Deler av ein gamal vognbane frå brotet og ned til kaia er også komen fram i lyset.

Gerd Sveen trekk også fram området vidare vestover i retning Fauskevika og Ryvarden.

— Det er flott utsikt frå berga der. Og når nordvesten står på, som han ofte gjer her, er det nesten vindstille i vikane som ligg vendt mot Mølstrevågen, seier ho.

Million-prosjekt

Heile prosjektet har ei budsjettramme på rundt ein million, inkludert dugnad. Det blir finansiert med spelemidlar, momsrefusjon og gåver frå mellom anna Sparebankstiftinga SR Bank og Ølen Beton Gruppen.

Parti ved Steinbrotet.

I haust er det sti- og vardegruppa som har mest å gjere.

— Vi legg vekt på å lage fine og solide vardar, som tåler å stå i vêr og vind, seier han.

Løypene vurderer Turistforeininga som enkle når det kjem til vanskeleggrad, men den ei er ikkje eigna for barnevogn eller rullator.

Powered by Labrador CMS