nyhende

Optikere håndterer avansert utstyr og gir synshjelp til store deler av befolkningen Foto: Dag Øyvind Olsen NTB/NPK
Optikere håndterer avansert utstyr og gir synshjelp til store deler av befolkningen

Tre av fire brukar briller

73 prosent av befolkninga over 15 år bruker no synshjelpemiddel. Samfunnet blir stadig meir krevjande for synet, ifølgje optikarbransjen.

Publisert Sist oppdatert
NPK: 68 prosent går med briller, 19 prosent nyttar kontaktlinser, og ein del bruker begge delar. Det viser ei undersøking Kantar har gjort blant eit representativt utval av over 1400 nordmenn.

Undersøkinga er gjord for Synsinformasjon, bransjeorganisasjonen til optikarbedriftene.

– Delen nordmenn som bruker synshjelpemiddel har auka frå 67 til 73 prosent sidan 2005. Vi ser no at stadig fleire vekslar mellom å gå med briller og kontaktlinser, seier dagleg leiar Tina Alvær i Synsinformasjon i ei pressemelding.

Sidan kartleggingane starta i 2005, har delen nordmenn som brukar både briller og kontaktlinser dobla seg, til 14 prosent.

Går til optikaren

Dei aller fleste som bruker briller, 93 prosent, får dei tilpassa av optikar. Det er svært få som berre sver til ferdigbriller frå andre butikkar.

– Med briller tilpassa av optikar, får du briller som er skreddarsydde for ditt syn og dine auge. Synet er vår viktigaste sans og vi er veldig glade for at folk flest tek synet på alvor, og går til den lokale optikaren sin for synsundersøking, seier Alvær.

Undersøkinga frå Kantar fortel at folk flest kjøper nye briller fordi synet endrar seg. 28 prosent som bruker optikartilpassa briller, kjøpte nye briller i løpet av det siste året.

– Samfunnet blir stadig meir synskrevjande. Vi sit meir framfor skjerm og det er slitsamt for auga å fokusere på nært over lang tid. Mange har behov for briller eller kontaktlinser store delar av livet. Synet endrar seg òg for dei fleste når ein kjem i 40-åra, seier Tina Alvær.

Helsepersonell

Ein av tre nordmenn over 15 år har vore til synsundersøking hos optikar det siste året. Viss ein opplever endringar i synet, er det 79 prosent som seier at dei vil kontakte optikar først.

– Optikarar er helsepersonell med kompetanse på syn og augehelse. Norske optikarforretningar er godt utstyrte med avansert utstyr for å sjå på auga. Og dersom optikar ikkje kan hjelpe, kan dei vise pasienten vidare til mellom anna lege eller augelege, seier Tina Alvær i Synsinformasjon i pressemeldinga.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS