nyhende

Travle døgn for brøytemannskapa

For brøytemannskapa har 2025 fått ein hektisk start. – Våre folk var i arbeid mesteparten av natt til tysdag, seier leiar for drift og anlegg i Sveio, Frederik Aalo Flood.

Publisert Sist oppdatert

Sveio har tre tilsette på dagtid som arbeidar med vegvedlikehald, herunder brøyting. Ved tett snøfall som måndag ettermiddag og kveld, må dei ut på overtid. I tillegg nyttar kommunen  ein del private firma som brøyter på kontrakt.

100 kilometer å brøyta

– Sveio kommune har rundt 100 kilometer med kommunale vegar som skal brøytast og eventuelt strøast. I tillegg kjem nokre kilometer med sykkel- og gangvegar og parkeringsplassar  og område elles rundt kommunale bygg, fortel Flood.

Som strømiddel nyttar kommunen sand eller ei blanding av sand og salt.

– Rekk de over alt ved så tett snøfall som me har hatt dei siste dagane?

– Ja, det gjer me. Men det tar litt tid å koma rundt. Folk må berre vera litt tålmodige.

Tålmodige sveibuar

– Er sveibuane tålmodige, eller får de mange klager?

– Eg opplever at dei er tålmodige. Me har ikkje fått klager desse dagane. Men nokre spørsmål blir det jo.

Snømengda varierer mykje frå år til år.

– Er brøytebudsjettet dykkar dimensjonert for toppar som den me har opplevd dei siste dagane?

– Så langt er det inga krise. Me har jo ikkje hatt så mykje snø tidlegare denne sesongen. Korleis resten av vinteren blir, vil sjølvsagt vera avgjerande, seier Flood.

Powered by Labrador CMS