nyhende
Trafikkulukke i Sveio – mistenkt for ruskøyring
Klokka 07.51 fekk politiet melding om ei trafikkulukke på fylkesveg 541, Tjernagelvegen, like nord for Sveio sentrum.
Trefte fjellveggen
Det var ein liten kassebil på veg nordover som hadde hamna utafor vegen og trefte fjellveggen like før avkøyringa til Sveio Omsorgssenter.
Det var to personar i bilen. Dei framstod som uskada etter hendinga.
— Dei vil bli køyrd til legevakt for sjekk, opplyser innsatsleiar Trond Josef Størkersen frå Sør-Vest politidistrikt til Vestavind.
Glatt på staden
Årsaka til ulykka er ikke kjend, men det var sørpe på vegen ved ulukkesstaden.
Bilen var ikke køyrbar etter hendinga.
Trafikken vart dirigert forbi ulukkesstaden, medan ein venta på bergingsbil.
Mistenkt for ruskøyring
Tysdag føremiddag opplyser politiet at føraren av bilen, ein mann i 30-åra, er mistenkt for køyring i påverka tilstand.
— Naudsynt blodprøve er tatt, og sak er oppretta, skriv Sør-Vest politidistrikt på Twitter.