nyhende

Stordflyet har landa på Sørstokken. DAT brukar flytypen ATR-42/500 med 50 passasjersete.
Stordflyet har landa på Sørstokken. DAT brukar flytypen ATR-42/500 med 50 passasjersete.

Trafikkauke på Stord lufthamn

Frå april kom Stord lufthamn med i dei såkalla FOT-rutene, og det har gitt utslag på trafikken. Dei tar gjerne imot fleire sveibuar, seier lufthamnsjefen.

Publisert Sist oppdatert

Sidan 1. april har passasjertala på Oslo-ruta auka. At Stord lufthamn har kome med i dei statlege FOT-rutene betyr mellom anna større tilgang på rimelege billettar og oftare avgangar.

Det er flyselskapet DAT som er operatør på rutene, og dei brukar flytypen ATR-42/500. Flyet har 50 passasjersete, og flytida Stord-Oslo er på 50 minuttar. Stord lufthamn kallar sjølv ruta for snarvegen til Oslo.

Gode tal

Dei nye rutetilboda ser ut til å ha treft passasjerane godt om ein ser på tala dei tre første månadane med FOT-ruter.

I april nytta 3.349 personar seg av Oslo-ruta. Det gir ein kabinfaktor var på 53,3 prosent.

I mai nytta 4.094 personar seg av ruta. Kabinfaktoren enda på 64 prosent. Samanlikna med førre månad utgjorde dette ein vekst på heile 745 personar, eller 22,2 prosent.

I juni nytta 3.930 personar seg av DAT si Oslo-rute, og kabinfaktoren var på 64,5 prosent.

Nøgd lufthamnsjef

– Me er veldig nøgde med tala. Årsaka til den positive trafikkutviklinga er gode rutetider, rimelege billettprisar samt gratis parkering. Regularitet og punktlegheit på ruta har vore svært god, seier lufthamnsjef Jan Morten Myklebust.

– Brukar sveibuane Oslo-ruta?

– Me har reisande frå Sveio, men det er plass til fleire. Me skal ta godt imot dei, avsluttar Myklebust.

Powered by Labrador CMS