Klokka 6.31 onsdag morgon meldte reiarlaget Fjord1 at sambandet Langevåg-Buavåg er stengt inntil vidare grunna vêrforholda.
Ferja skal vere i normal drift igjen frå klokka 8.
— Men vi tar atterhald om at sambandet kan bli innstilt på kort varsel, melder reierlaget i ein SMS.
Samstundes meldes Vegtrafikksentralen at E134 over Haukelifjell blir stengt heile dagen grunna dårleg vêr
Også riksveg 7 over Hardangervidda er stengt.
E16 Filefjell: Åpen.
Rv 52 Hemsedalsfjellet: Åpen.
E134 Haukelifjell: Stengt
Rv 7 Hardangervidda: Stengt
Fv 50 Hol-Aurland: Stengt
Fv 53 Tyin-Årdal: Stengt
Rv 13 Vikafjellet: Stengt
Rv 15 Strynefjellet: Stengt— Vegtrafikksentralen vest (@VTSvest) February 9, 2022
Yr.no melder at vêret onsdag i Sveio vil ligge på liten kuling frå vest, med vindkast på opp mot 23 meter per sekund det meste av onsdagen, men ikkje nedbør etter klokka 8.