nyhende
Traff blink med sytreff
– Hei, har du lyst å vera med på sytreff? Då Heidi Sætre la ut spørsmålet på facebookgruppa «Ka skjer i Sveio?», tok det heilt av.
– Eg hadde ikkje trudd responsen vart så stor stor, seier Heidi Sætre, som slutta å telja då ho var kome til tretti interesserte. No er ho spent på kor mange som kjem etter kvart.
Vil ha fleire med
Sætre fortel at ideen til eit sytreff fekk ho etter å ha gått på eit nissekurs. Det er tre år sidan no. Den gongen fekk ho med seg fem-seks personar og starta opp på skulen i Auklandshamn. Men så kom korona-pandemien og det stoppa opp.
– Så kom Gerd Jorunn Christensen med innspel om å flytta aktiviteten til Sveio sentrum for at fleire kunne blir med. Det syntes eg var ein god idé, fortel Sætre.
Sambrukshuset blir systove
I Sveio sambrukshus fekk ho napp, først hos Sveio frivilligsentral. Og no har også Sveio idrettslag lova at golvplassen kan utvidast ved behov.
Sætre ser for seg ei open gruppe for påmelding frå veke til veke (grunna plass) annakvar torsdag.
– Me deler erfaringar og inspirerer kvarandre. Du behøver ikkje vera flink å sy, det er uansett kjekt å møta andre, det er det sosiale som er det viktigaste. Om ein vil driva med andre ting så er også det lov, påpeikar Sætre. Som tilflyttar til Auklandshamn tykkjer ho det er kjekt å utvida bekjentskapskrinsen.
Første sytreff startar torsdag 2. september. For meir info og påmelding kan ein ta kontakt med Heidi Sætre direkte.