nyhende
Tørt, kaldt – og framleis brannfare
Gult farevarsel for gras- og lyngbrann blir vidareført når kulda held fram. Nedbøren uteblir og ein liten gnist kan starte store brannar.
Vêrbildet framover blir prega av tørke og låge temperaturar, fortel vakthavande meteorolog Ingrid Opheim Bækkelund ved Meteorologisk institutt. Det kan koma små snøbyer i Sveio i løpet av helga, men i så fall er det snakk om beskjedne mengder.
– Det er eventuelt snakk om snøbyer på under éin centimeter, seier meteorologen.
Januar har vore markant kaldare enn normalt i store delar av landet. Den kaldaste på 16 år, ifølgje Bækkelund.
Ho viser til Stord lufthamn, som næraste målestasjon med historiske data. Der ligg januar normalt på 2,8 grader i snitt, medan han i år er målt til minus 0,2 grader. For landet samla ligg månaden ifølgje meteorologen i gjennomsnitt 4,4 grader under normalen.
Høgtrykk blokkerer - tørt vêr held fram
Det er ikkje berre kulda som har prega januar. Meteorologen skildrar også ein uvanleg tørr periode.
– Me ser at høgtrykket som har kome frå Finland blokkerer lågtrykka frå vest, og det ser ut til å halda seg slik. Det vil nok bli tørt, med temperaturar rundt null grader framover, seier Bækkelund.
Ho fortel at januar enda som den niande tørraste januaren som er registrert nasjonalt, og at nedbøren har lege rundt 50 prosent under normalen.
Prognosane kan varierea noko geografisk, forklarar ho.
– Det kan koma enkelte nedbørsbyer lenger sør langs kysten, men jo lenger nord ein kjem, jo meir usikre blir prognosane. Det gjeld særleg opp mot Sveio, seier meteorologen.
Åtvarar mot eld i naturen
Meteorologisk institutt har hatt ute gult farevarsel for gras- og lyngbrannfare i fleire veker. Årsaka er kombinasjonen av tørre vêrtilhøve og lettantennleg vegetasjon. Bækkelund legg til at farevarselet truleg blir forlenga.
– Det er mykje daudt gras og lyng som kan ta fyr raskt, og sidan tørken ser ut til å halda fram, rår me frå all form for opptenning av eld, seier meteorologen.
Avdelingsleiar for førebyggjande arbeid i Haugesund brannvesen, Øystein Fonnes, støttar åtvaringa og viser til at det allereie har vore fleire hendingar i regionen. Mellom anna ein større gras- og lyngbrann onsdag denne veka.
– Det har vore fleire branntilfelle i Rogaland. Sjølv om dei ikkje skuldast bål, viser dei kor fort ein brann kan utvikla seg. Det skal ikkje meir til enn ein liten gnist frå eit bål eller ein sigarettsneip før det kan ta fyr. Når det i tillegg bles, aukar risikoen for at det spreier seg raskt, seier han.
Fonnes peikar på at me er inne i ein periode med aktiv lyngbrenning, men understrekar at dette skjer planlagt og kontrollert, og at dei som brenn stiller godt førebudde med både verneutstyr og sløkkeutstyr lett tilgjengeleg.
Islagde vatn kan gi gnistar på avvegar
Fonnes trekker også fram eit poeng som kan vera lurt å tenka på:
– Når me no har islagde vatn, kan gnistar følgja vinden frå den eine sida til den andre sida av vatnet. Det betyr at ein brann kan oppstå ein heilt annan stad enn der du har tent bålet, påpeikar han, og viser til at brannvesenet har erfaring med slike tilfelle.
Han minner om at ansvaret alltid ligg hos den som tenner bål.
– All opptenning av eld skjer på eige ansvar. Viss du er i tvil, så er du ikkje i tvil, seier han, og rår folk frå å tenna bål.
I staden kjem han med sitt eige tips til dei som ønsker å få i seg noko varmt på turen:
– Ta heller både pølsene og kaffi med i ein termos, seier Fonnes.
Abonner for å lese mer om tørke, kulde og brannfare
Få eksklusive detaljer om hvorfor januar ble uvanlig kald og tørr.
Les meteorologens ferskeste vurderinger av videre tørke og værutvikling.
Lær konkrete råd fra brannvesenet for å unngå farlige branner.