nyhende

Frå bokomsalget til «Historien om Haugalandet på 1920-talet».
Frå bokomsalget til «Historien om Haugalandet på 1920-talet».

Tor Inge Vormedal til Senioruniversitetet

Publisert Sist oppdatert

Sveio Senioruniversitet startar haustsemesteret måndag 25. september med eit foredrag av Tor Inge Vormedal. Tittel på foredraget hans er «Korleis det var å bu og leva på Haugalandet for 100 år sidan».

1920-talet bar preg av stor økonomisk uro og høg arbeidsløyse. Den finansielle uroa førte til eit økonomisk ragnarok som det tok tiår å koma ut av. Lønningar og formuer minka og bankvesenet fall over ende.

Det store fleirtalet, både i Noreg og på Haugalandet, måtte gjennom statleg gjeldssanering for å koma gjennom krisa. Trass krise og motgang, var det likevel framsteg å spora. Både by og bygd får auka tilgang til elektrisk kraft, og betre vegar og nye bussruter gjer at byen og distrikta blir knytt tettare saman.

Sjå elles annonse i dagens papirutgåve.

Kjell Gunnar Nymark
Leiar Sveio Senioruniversitet

Powered by Labrador CMS