nyhende

Martin C. Kviteberg (t.v.) i AlltiMat og styreleiar Kristian Wathne i Forretningsbygg Stølen A/L. ARKIVFOTO: PRIVAT
Martin C. Kviteberg (t.v.) i AlltiMat og styreleiar Kristian Wathne i Forretningsbygg Stølen A/L.

Tør ikkje seia når butikken kjem attende

Arbeidet med ny nærbutikk i Auklandshamn held fram, men noko har dukka opp som forsinkar prosessen.

Publisert Sist oppdatert

Arbeidet med å få på plass ein ny nærbutikk i Auklandshamn held fram.

Tidlegare i mai melde Kristian Wathne, leiar i Forretningsbygg Stølen SA at dei hadde funne ein erstattar. Martin C. Kviteberg frå kjeda AlltiMat hadde eit møte med styret til Stølen SA, og dei var komen til einigheit.

– Me reknar med at dette går greitt, og går alt etter planen vil butikken kunna opna i juli, sa Kviteberg i mai.

No fortel Wathne at det har dukka opp noko som gjer at det tek lengre tid enn dei hadde trudd.

– Me jobbar med det vidare, men eg kan ikkje seia så mykje meir enn det pr i dag, seier Wathne.

– Det vert framleis butikk?

– Ja, me har ingen andre alternativ, det er det me jobbar mot, seier Wathne.

Han kan ikkje gje noko konkret tidspunkt for ny opning.

Powered by Labrador CMS