nyhende
Tomt næringsbygg etter utflytting
Legespesialistfirmaet Uro Sør Nygård AS har flytta frå Ekrene næringspark til Haugesund sentrum. Lokalet i Ekrene næringspark 26 står dermed heilt tomt.
Det stadfestar Per Bjørn Habbestad i Ekrene Eiendom AS, som eig bygget. Han er no på jakt etter nye leigetakarar.
– Bygget er slik innreia at det er tilrettelagt for to aktørar, med eigen inngang til kvar av einingane. Men det er også lett gjort å slå dei to einingane saman til ein.
Habbestad fortel at han har vore i kontakt med potensielle leigetakarar. Dette har så langt ikkje gitt konkrete resultat.
Fleire ledige lokale
Bygget på Ekrene er ikkje den einaste næringseigedommen i Sveio som har ledig plass, og der eigarane er på jakt etter nye leigetakarar.
På Hanaleite i Førde, i bygget der Activ Caravan tidlegare heldt til, er 700 kvadratmeter ledige. Activ Caravan har langtidskontrakt på desse lokala fram til utgangen av 2025, men har på eiga hand leita etter interessentar som kan vera interesserte i desse dei ikkje funne noko varig løysing på dette, seier Aivon Baretto i Activ Caravan.
Selskapet som har hatt ansvaret for vedlikehald på bruene i Trekantsambandet, har rett nok hatt ein korttidskontrakt i samband med denne jobben. No er dei snart ferdige.
Industribygget tilhøyrer Multimekanisk Eiendom AS. Kjell Hovland i eigarselskapet er også interessert i å få inn nye langsiktige leigetakarar, men er litt avslappa sidan Acitiv Caravan i alle fall er bundne av leigekontrakten og sikrar leigeinntekter ut neste år.
Nøgde med å gå i pluss
– Me er nøgde så lenge det går rundt og me tener litt pengar på bygget, seier Hovland, som er klar over at etterspurnaden etter næringslokale er ein heilt annan i Sveio enn i meir bynære strok. Det påverkar også leigeprisane.
Andre leigetakarar i bygget på Hanaleite er røyrleggjarfirmaet Halland & Fosse. Dei har nettopp utvida sitt areal ved å overta den delen som tidlegare var frisørsalong. Dette skal dei no bruka til utstillingslokale.
Uteidyll er ein annan leigetaker i bygget, men har sagt opp og flyttar ut i mai. Totalt er bygget på nær 1.500 kvadratmeter, inkludert 500 kvadratmeter kontorlokale i andre etasje. Også her er det areal som er ledig for utleige.