nyhende

Prøveparti frå India, Jordan og Hellas er blant dei potensielle importbanda til Bama når lagera straks er tomme for norske poteter.
Prøveparti frå India, Jordan og Hellas er blant dei potensielle importbanda til Bama når lagera straks er tomme for norske poteter.

Tomt for norske poteter: Eit puslespel for Bama å dekke behovet

Det er tomt for dei norske potetsortane Pimpernell og Kerrs Pink i matbutikkane, og snart er hyllene ribba for mandelpoteter også. Bama tyr til nye importsamband for å møte behovet, skriv Nationen

Publisert Sist oppdatert

Bama har seld unna like mange poteter som i fjor på same tid, kring 15.000 tonn poteter, men no er lagra tomme for norske poteter i lausvekt. 9.000 tonn poteter forsvann i flaum, regn og tørke i fjor, og no manglar pakkelagera til Bama 5.500 tonn poteter.

Det er låg tilgang på norske poteter og europeiske importørar leitar i dei same områda. Dette gjer at Bama må tenkje nytt og ta inn prøveparti frå land dei ikkje tidlegare har importert frå.

– I år er det verkeleg eit puslespel å skulle dekke behovet til kundane for både lausvekt og pakka alternativ. Vi har derfor mange ulike opphav tilgjengelege. Nokre av dei har vi erfaring med frå før, og andre ikkje. Men vi vil ikkje gå tomme for poteter og kryssar samstundes fingrane for ein god norsk sesong, seier produktsjef i Bama, Devi Røsand Ahuja til avisa.

Powered by Labrador CMS