nyhende

Tok sjølv initiativ til utstillinga

Kunsthandverkar Karoline Emmerhoff tok sjølv kontakt med Moster 2024 AS fordi ho meinte ho hadde materiale til ei utstilling som kunne vera aktuell i samband med tusenårsjubileet for Kristenretten.

Publisert Sist oppdatert

Det meinte dei som har planlagt jubileumsfeiringa også. Restultatet er utstillinga «denne freden», som opnar på Moster 28. mai, dagen før den offisielle opninga av tusenårsjubileet. Utstillinga blir ståande gjennom heile jubileumsveka.

Emmerhoff er oppvaksen i Sveio, men no bur og arbeidar i Haugesund. Ho fortel at utgangspunktet for utstillinga er Johannes-evangeliet i Bibelen si forteljing om då Jesus kom inn gjennom lukka etter oppstoda og helsa dei forskremde venene sine med orda «fred vere med dykk.

Utgangspunkt i bibelhistorie

– Eg tok utgangspunkt i den forteljinga då eg i 2017 deltok i ein open konkurranse om ny bispekåpe til Stavanger bispedømme. «Fredskåpa» kalla eg bidraget mitt. Eg vann ikkje den konkurransen, og materialet blei liggjande i fleire år før eg fann ut at det kunne vera aktuelt for tusenårsjubileet på Moster.

Emmerhoff arbeidar med både tekstil, keramikk og foto. Utstillinga «denne freden» består av keramiske arbeid. Kunstnaren sjølv fortel litt om korleis prosessen har vore.

– Eg arbeidar jo mykje åleine, men likar også å involvera andre. Difor starta eg med å fortelja historia frå Johannes-evangeliet til smågrupper av folk i alle aldrar. Etterpå ba eg dei skriva ordet «fred» slik dei oppfatta det. Eg trur folk frå alle verdsdelar var med på dette. Deretter har eg tatt kopi av alle dei handskrivne orda og overført dei til dei keramiske flisene. Deretter har eg eksperimentert litt med dei, lagt på glans, farge og glasur.

Eksistensielt omgrep

Emmerhoff legg til at fred jo er eit eksistensielt omgrep. Ho har hatt ein ønske om å knyta dette til Jesus og den freden som han representerer og som også ligg til grunn for Kristenretten. Difor har ho og også brukt ein del kristussymbol, som gull, kors og bokstavane alfa og omega (den første og den siste, byrjinga og enden). Utstillinga omfattar også nokre lysestakar med tilsvarande symbol og krukker ho har kalla venskapskrukker. Alt som blir vist på utstillinga er til sals, legg ho til.

– Meir og meir er eg oppteken av eksistensielle spørsmål i arbeidet mitt. Eg har gjort ein god del sakrale oppgåver, fortel ho.

Når utstillinga på Moster er over, skal ho arbeida vidare med to stola-sett, eitt til ein prest som er ordinert, og eitt til ei som skal ordinerast. Utkasta til begge desse to er godkjende, fortel ho.

Siste innspurt

Men akkurat no handlar alt om Moster. Den dagen Vestavind besøkte Emmerhoff, var ho i ferd med å plassera dei siste keramikkarbeida i omnen for brenning. Enno står mykje monteringsarbeid igjen, men alt skal vera på plass til opningsdagen, forsikrar ho.

Erfaren kunsthandverkar

Karoline Emmerhoff har utdanninga si frå Statens Lærerskole i forming, Framnes folkehøgskule, Bergen husflidskole og Stord husflidskule. Ho har hatt ei rekke kunstoppdrag over heile Vestlandet.

I Sveio gjeld det utsmykking av bårerommet i Soknehuset (2016), hovudutsmykking av Eikeland kapell (2010), messehagl til Sveio kyrkje (2008 og 1993) og kyrkjetekstilar til Sveio kyrkje (1997).

Ho har hatt ei lang rekke separatutstillingar, blant anna på Ryvarden i 1999, og deltatt på mange gruppeutstillingar. Emmerhoff har også hatt og har ei rekke verv. Sidan 2021 har ho vore med i rådet for kunst i det offentlege rom i Haugesund kommune.

I peroden 2013-2020 var ho med i Rogaland fylkeskommune sin utsmykkingskomite, i 2017-2019 med i representantskapet i Rogaland Kunstnersenter og i 1998-2006 med i gallerirådet til Haugesund Billedgalleri.

Powered by Labrador CMS