nyhende
Tok NM-sølv i jamn finale
Klatraren Ingrid Kindlihagen (19) frå Sveio tok sundag sølv i Noregsmeisterskapen i buldring, i det som vart ein jamn finale.
For første gong vart NM-finalen i klatring sendt direkte på riksdekkande tv, og blant dei som bidrog til å gjere sporten sin meir kjent for det norske tv-publikummet var Ingrid Kindlihagen frå Sveio og Haugaland klatreklubb.
La press på favoritten
Etter at ho hadde gjennomført fire bulder i veggen på flott vis, hadde ho ho lagt press på meir rutinerte Sunniva Eik Haave (24) frå Oslo klatreklubb, som var nøydd til å bruke mindre enn tre forsøk på å nå toppen.
— Ho kjenner sikkert at eg har toppa. Men eg trur det passar ho bra. Eg er veldig spent, sa ein blid og nøgd sveibu til NRK før konkurrenten skulle i veggen.
Men Oslo-jenta leverte i Vestveggen i Åsane i Bergen. Ho gikk rett til topps i første forsøk. Det var Eik Haave sitt tredje stake NM-gull, mens Kindlihagen tok sin andre strake sølvmedlaje på seniornivå.
Nordisk sølv sist helg
Førige helg sikra Ingrid Kindlihagen seg ein flott sølvmedalje i buldring nordisk meisterskap i. Også da var det berre med knapp margin at Sunniva Eik Haave knep gullet.