nyhende
Tok med partileiaren til lokal bedrift
Hiernagla destilleri fekk måndag besøk av Sveio Høgre og partileiar Erna Solberg. Dei fortalde om eit reklameforbod som i praksis gjer at dei ikkje kan vera aktive på sosiale medium. – Me må få lov å fortelja at me finst, seier Reidar Horneland, dagleg leiar.
Sjølv om det er eit lokalval, er det ikkje uvanleg å få draghjelp av nasjonale politikarar. Då Sveio Høgre fekk partileiar Erna Solberg på besøk i ein time, valde dei å ta ho med til det lokale destilleriet.
– Eg er veldig fan av gin’en deira, seier André Mundal Haukås, Høgre sin ordførarkandidat.
Reklame og regulering
Saman med partileiaren sin, dagleg leiar Reidar Horneland og medeigar Geir Ivar Seime, diskuterer dei sprit omringa av tønner. Sveio Høgre hadde fleire saker på agendaen under besøket, men sjølve spriten var ikkje nokon av dei.
Haukås viser til at Hiernagla held til på Ekrene, men opphaveleg ynskte å etablera seg på Tjernagel.
– Kva var utfordringa då? Spør Solberg.
– I hovudsak mangel på reguleringsplan og veg. Me hadde korkje råd eller tid til å byrja med planarbeid, så me etablerte oss her, svarar Horneland.
Drøymer om Tjernagel
Seime og Horneland har ikkje gjeve opp draumen om Tjernagel. Namnet på destilleriet deira er det gamle namnet på Tjernagel, og har ein litt kul betydning.
– Sverdknapp, kulen på enden av skjeftet til sverdet, avslørar Horneland.
I likskap med fleire andre parti i dette valet, så ynskjer Sveio Høgre ein meir næringspositiv kommune. Særleg vert ein ferdigregulert kommuneplan viktig, så ikkje historia til Hiernagla gjentek seg.
Sjølv om dei er nøgd med lokala på Ekrene, så hadde det vore betre langs kysten. Både den økonomiske og fysiske utsikta.
– Ute ved sjøen kunne me ha teke i mot cruiseturistar frå Haugesund og hatt dei på smaking. Dei ser jo for seg norsk natur, seier Seime til politikarane.
– Og det hadde dykk hatt der? Spør Solberg
– Ja, det er nydeleg der, svarar Horneland og Seime.
Ulovleg å visa seg for kundar
Som bedrift med mykje energibruk har det vore vanskeleg dei siste åra. Pandemi kom først med nedstenging, og så kom høge straumprisar. Når ein attpåtil er i ein bransje kor det er veldig strenge reglar samanlikna med resten av verda, vert det ekstra vanskeleg.
– Utanlandske turistar på besøk forstår ikkje kvifor dei ikkje kan kjøpa med seg ei flaske, seier Seime.
Sjølv om merksemd er like viktig for deira bransje som alle andre bedrifter, er det til skilnad ulovleg å reklamera. Og forbodet gjeld på alle tenkelege måtar.
– Det er me samd i, me vil ikkje endra forbodet mot reklame, seier Seime.
– Kva ynskjer dykk frå lokale og nasjonale politikarar?
– At me får lov å fortelja at me finst. Og meir stabile straumprisar, svarar han.
Riskerer bot
Loven er slik at Hiernagla ikkje kan reklamera for produkta sine. Det gjeld også mykje som ligg i gråsona, altså ting som skjer rundt bedrifta.
Legg dei ut noko på sosiale medium, sjølv utan bilete eller antyding til produkta, kan dei risikera ei heftig bot. Det er fordi det kan verka salsfremmande for bedrifta deira, og dermed for alkohol.
Også Salamander Bryggeri har hatt liknande problem. Begge verksemdene fortel om uoversiktleg regelverk, som bedriftene opplever at vert handheva vilkårleg.
Oppdaga Sveio i Haugesund
Då Hiernagla i fjor vann gullmedalje for ein sprit, kunne dei til døme ikkje leggja det ut på sosiale medium at dei vann. Då Solberg høyrer det set ho ord på noko Hiernagla-gründerane kjenner seg igjen i.
– Det opplevast som eit omtaleforbod, seier Solberg.
Ordførarkandidaten for Sveio Høgre ber Horneland fortelja Solberg om ei litt artig hending som viser kor usynleg Hiernagla har vorte grunna regelverket.
– Eg traff på ein sveibu i Haugesund på ein konferanse, kor me hadde stand. Då var han heilt ukjent med at Sveio hadde sitt eige destilleri, seier Horneland.