nyhende
Toaletta gjekk tørre – elevane sendt heim
Når det ikkje lenger var vatn i toalettskåla, vart elevane ved Sveio skule sendt heim onsdag.
— Det er ikkje alltid ting går som ein har planlagt, beklagar oppsynsmann for vatn i Sveio kommune Torbjørn Larsen.
Plugg kilte seg
Han viser til at ein såkalla reinseplugg, som køyrast gjennom vassleidningar for å fjerne avleiringar i røyr, onsdag føremiddag kilte seg fast i ei sluse knytt til vassforsyninga til Sveio skule.
Då gikk det som det måtte gå. Det vart tørt i alle kraner på skulen, og i både toalett og dusjar var det lite vått å hente.
— Det var ikkje nokon som kunne seie noko sikkert om kor lenge skulen ville vere utan vatn. Det var jo snart både elever og tilsette som måtte på do. Og sidan det også handlar om branntryggleik, valde med å sende alle heim, forteller rektor Lene Lier til Vestavind.
Føresette blei varsla via SMS i 10.30-tida om at poden måtte vende nesa heimover.
Skule i morgon
Problemet med tomme vassrøyr vart ifølgje Torbjørn Larsen fiksa nokså raskt.
Han legger til at kommunen held på med spyling av vassnettet i Sveio sentrum i alle fall ut denne veka, og at folk kan oppleve varierande trykk i kranene sine av den grunn.
— Dei det gjeld blir varsla via SMS, seier han.
For ordens skuld. Elevane som jubla for tidlig fri i godvêret onsdag, må møte for å lære meir av både norsk og naturfag i morgon, det stadfestar rektor.
— Det blir undervisning som vanleg torsdag, seier rektor Lene Lier.