nyhende

Det er ei stund sidan sist det var UP-kontroll på Haukås. Måndagen viste at det er behov for det.
Det er ei stund sidan sist det var UP-kontroll på Haukås. Måndagen viste at det er behov for det.

To utlendingar mista førarkortet

Måndag hadde UP kontroll på Haukås for første gong på ei stund. Det blei det mange fartsbøter av.

Publisert Sist oppdatert

Kontollen pågjekk frå 10.30 til rundt 13.30 i både 60- og 80-sona på Haukås. Resultatet blei 20 forenkla forelegg og to førarkortbeslag.

Mannen som mista førarkortet i 60-sona blei målt til 93 km/t. Han køyrde i tillegg forbi ein annan bil.

Den andre mannen som blei målt til 117 km/t i 80-sona, måtte UP senda ein bil etter for å få stoppa.

Køyrde i følge

– Det var to forholdvis unge menn og utanlandske turistar, og dei to bilane viste seg å køyra i følge, seier Malvin Kvamme, gruppeleiar for UP på Haugalandet.

Sjøl om det blei mange bøter, var dei fleste godt unna farten til dei travle turistane.

– Det som gjekk igjen hos ein del av dei som fekk forelegg, var at dei forklarte at dei ikkje hadde fått med seg at dei var i ei 60-sone. Sjølv om dei hadde passert fleire 60-skilt før dei blei stoppa, seier Kvamme, som oppmodar bilistane til å ha fokus på vegen og ikkje andre ting.

Behov for kontrollar

– Det er ei stund sidan sist det var kontroll på Haukås?

– Etter mykje merksemd i media ein periode, og fartsvisar i 60-sona, såg det ut til å roa seg, og me brukte ressursane andre stadar. No fann me ut at det var på tide å ta ein tur til Haukås igjen, og kontrollen måndag viser at det framleis er behov for oss der, seier Kvamme.

Bøtesatsar frå 1. februar 2024

60 km/t eller lågare:

  • Til og med 5 km/t: kr. 1.150
  • Til og med 10 km/t: kr. 3.150
  • Til og med 15 km/t: kr. 5.650 (+ 2 prikkar)
  • Til og med 20 km/t: kr. 8.200 (+ 3 prikkar)
  • Til og med 25 km/t: kr. 12.700 (+ 3 prikkar)
  • Over 25 km/t: inndraging av førarkort

70 km/t eller høgare:

  • Til og med 5 km/t: kr 1.150
  • Til og med 10 km/t: kr. 3.150
  • Til og med 15 km/t: kr. 5.050
  • Til og med 20 km/t: kr. 7.050 (+ 2 prikkar)
  • Til og med 25 km/t: kr. 9.550 (+ 3 prikkar)
  • Til og med 30 km/t: kr. 12.700 (+ 3 prikkar)
  • Til og med 35 km/t: kr. 15.200 (+ 3 prikkar)
  • Over 35 km/t: inndraging av førarkort
Powered by Labrador CMS