nyhende

Ingeborg Meling, Einar Ørke og sveibu Anders Kindlihagen foran Haugalandsveggen, og med deler av turnhallen i bakgrunnen. Her ville dei bygge for framtida. FOTO: Alf-Einar Kvalavåg/Tysvær bygdeblad
Ingeborg Meling, Einar Ørke og sveibu Anders Kindlihagen foran Haugalandsveggen, og med deler av turnhallen i bakgrunnen. Her ville dei bygge for framtida.

To store klubbar – alt for liten plass

Haugaland Klatrelag (HKL) og Haugesund Turnforening (HTF) skal i fellesskap etablere framtidas klatreanlegg og turnanlegg i Haugesund Idrettspark. – Totalt er budsjettet på 301 millionar kroner inkludert moms.

Publisert Sist oppdatert

Stoffutveksling

Denne sak er henta frå vår samarbeidsavis Tysvær Bygdeblad.

(): – Me vil at anlegga skal være framtidsretta anlegg for klubbane sine aktivitetar innan bredde og mangfald, samt for konkurranse og toppidrett. Det inkluderer også konkurransar på nasjonalt og internasjonalt nivå. Anlegga skal knytte ulike idrettar og aktivitetar saman, heve Idrettsparkens totale tilbod og bidra til eit attraktivt utemiljø, seier Anders Kindlihagen, Einar Ørke og Ingeborg Meling, dei to siste frå Turnforeininga.

Tysvær bygdeblad

Turnforeininga har 1.200 medlemmer i alle aldrar. Av dei er 155 frå Tysvær. Det er 850 barn på 30 ulike tilbod kvar veke, mellom anna i turnhallen i Haugesund og i Tysværtunet.

Klatreklubben har over 700 medlemmer i alle aldrar, og av desse er det i dag 53 registrerte med adresse i Tysvær. Mer enn 200 er i organiserte tilbod kvar veke.

Felles for dei to klubbane er at dei har for liten plass. Verst er det for turnforeininga som har ein gamal utdatert turnhall som skrik etter modernisering, – eller å bli bytt ut.

Nå er det planar om det siste i samarbeid med Klatrelaget. Dei vil bygge samstundes, og håper nabokommunane vil støtte opp slik at ein får på plass ein god finansieringsplan.

Anlegga skal fylle ei regional rolle innanfor sine idrettar, det er målet når dei nye hallane er klare til å takast i bruk.

Framtida

7.100 kvadratmeter er målet for utbygginga. Det inkluderer det meste av dei fasilitetane ein i dag treng i eit idrettsbygg.

– Framtidsretta, med nok kapasitet, og med bredde og mangfald i fokus. I dag er det alt for mange på ventelister, og det å måtte seie nei til barn og unge gjer oss vondt. Det er ikkje slik det skal vere. Skal ein bygge ut i dag, så er kostnad så stor at heile samfunnet må vere med i spleiselaget. Med interkommunal støtte får me langt betre vilkår når me skal søke om spelemidlar. Me har stor tru på at naboane våre ser kor stort dette tilbodet er utover kommunegrensene. Me er idrettslag for heile Haugalandet, seier dei tre.

Skal ein bygge stort må ein også kunne vere vertskap for større arrangement. Det vil gi idrettane endå betre omdøme og utøvarane kan også få oppleve gleda av å vere arrangør.

– Kva er prisen?

–  Totalt er budsjettet på 301 millionar kroner inkludert moms. Interkommunal støtte reduserer lånebehov med omlag 40 millionar kroner for oss. Så det seier seg sjølv at det er eit viktig bidrag. Me har laga oss eit tre trinn bilete av dette som me viser fram når me er rundt og snakkar med kommunane. Lågare lånebelastning = betre driftsøkonomi = lågare risiko og lågare brukarpris. Og det siste der er noko klubbane har eit sterkt fokus på for tida. Me kan ikkje ha prisar som ekskluderer barn og unge frå idretten. Me må gjere alt me kan for at alle skal kunne vere med, seier dei tre.

Fra venstre: Linn-Kristin Fredriksen Buckley (19), Samson Nyvoll (16) og Tiril Martinsen (15) fra Tysvær.

Samla

Idrettsparken i Haugesund er under utbygging, kor det både kjem ny ungdomsskule og ein på sikt også vil byte ut dagens utslitne Haraldshallen.

– Ein har på mange måtar gjort ein unik jobb med å samle mange idrettar her oppe. Men dei første som kom begynner å bli utslite. For oss i Turnforeininga har ein ny hall, med moderne fasilitetar for dei greinene av turn me tilbyr, stått høgt på ønskelista lenge. For å måtte seie nei er ein ting, men å dagleg gå rundt å sjå kor utslite det er blitt, er noko anna. Me sat oss ned med Klatrelaget og diskuterte ein moglegheit for samarbeid om nybygg, og har komme opp med denne ideen som begge partar meiner er den beste. Det er ei trinnvis utbygging der me tar ein og ein del og hjelper kvarandre gjennom byggeperioden, seier dei to frå turnforeininga.

– Me har mange av dei same utfordringane. Me har også eit treningstilbod som er breitt og som mange på heile Haugalandet er ein del av. Me er inne og ute, og har lokasjonar rundt om i distriktet. Men basistreninga og treninga inne om vinteren skjer her. Og det er ei maurtuve, og dessverre ikkje slik me vil ha det, seier Andres.

Haugalandet har fleire interkommunale idrettsanlegg og det har vore ein suksessfaktor for fleire.

– Men det er tøffe tider for ein del kommunar nå…

– Då er eit interkommunalt anlegg ekstra viktig for dei å investere i. Då kan dei i fellesskap skape ein arena for trening, sosialisering og aktivitet. Me har som sagt vore rundt og snakka med fleire politikarar og formannskap. Me blir godt tatt i mot og dei skjønar både kva me ønsker og økonomien i dette. Haugalandet er eit moderne idrettsmiljø med mange kvalifiserte personar involvert, både i klubbane, men også i administrasjonen og hos politikarane i kommunane. Me har stor tru på dette prosjektet som er så viktig for så mange barn og unge på Haugalandet, avsluttar Anders Kindlihagen, Einar Ørke og Ingeborg Meling.

Powered by Labrador CMS