nyhende
To skular opnar for alle elevane måndag
Valestrand og Førde får fulle skular frå måndag. Dei tre andre skulane følgjer etter tysdag og onsdag.
– Det flott at elevane no kjem tilbake og får tilhøyring til skulen igjen før sommarferien. Ikkje minst trur eg det blir godt å få møta igjen lærarar, klassekammeratar og vener, seier kommunalsjef Solfrid Lier Habbestad.
Først ut er altså Valestrand og Førde der 5.-7. klasse startar måndag. Mellomtrinnet på Auklandshamn, Sveio og 5. og 7. klasse på Vikse startar tysdag. 6. klasse på Vikse og ungdomstrinnet på Sveio er tilbake på skulen onsdag.
– Sidan Sveio skule bygger ut, er det meir utfordrande med plassering av alle gruppene som dei skal ha. Dei treng noko meir tid til å få på plass alternative løysingar. Dette, saman med at det er mykje som skal klargjerast, er grunnen til at ungdomstrinnet først startar onsdag, seier Lier Habbestad fredag formiddag.
Større fleksibilitet
Den nye rettleiaren for skulen gjev dei enkelte skulane meir fleksibilitet. Både i høve til organisering og storleik på gruppene.
– Regimet er ikkje så strengt som då 1.-4. klasse starta. Ein meter avstand er framleis ufråvikeleg, og smittevernet framleis strengt. Men det gjer det litt enklare å organisera skuledagane når ein til dømes kan kombinera både skule-skule, uteskule og heimskule. At det også er opna for større grupper, gjev meir fridom for skulane, seier Lier Habbestad.