nyhende
To nye Sveio-bedrifter er Miljøfyrtårn
Bjelland Elektro og Flex Entreprenør satsar tungt på miljø, klimaavtrykk og ein grønare kvardag for både kundar og tilsette.
– Mykje har vore på plass lenge, fortel dagleg leiar i Bjelland Elektro, Svein Erik Bjelland, og viser til krava for å bli Miljøfyrtårn-sertifisert.
Verksemda fekk fredag besøk av ordførar André Mundal Haukås og einingsleiar for drift og anlegg i Sveio kommune, Frederik Aalo Flood. Med seg hadde dei både kake, blomar og det synlege beviset på at verksemda no kan kalla seg eit Miljøfyrtårn.
Bjelland fortel at sertifiseringsarbeidet har ført med seg store mengder papirarbeid, og gjev rekneskapsførar i verksemda, Irene Eriksen Radulov, og dottera Lise Marie Vikse Bjelland mykje av æra for å ha fått alt inn i system.
– Det har vore ein prosess som har kravt litt av oss, men samstundes veg det tungt for oss å vere Miljøfyrtårn. Særleg i anbodsrundar, der det offentlege, og etter kvart fleire og fleire private, ser på dette som positivt, seier Bjelland.
Han trekker mellom anna fram sorteringsgraden som noko verksemda har hatt fokus på over tid.
– Eg har hatt mine rundar i konteinarane for å retta opp feilsortert avfall, seier han med eit smil.
Kontinuerleg arbeid
Bjelland understrekar at sertifiseringa ikkje er eit punktum, men del av eit kontinuerleg arbeid. Verksemda har ein plan med kartlegging, tiltak og delmål, og rapporterer årleg på arbeidet.
– Me gjer mellom anna tiltak for å minska straumforbruket og bilkøyringa, samstundes som me har fokus på trivsel på arbeidsplassen.
På spørsmål om kvifor det var viktig å få dette på plass no, svarar han først med eit smil:
– Me såg at Frøvik Elektro hadde vorte det, så då ville me også det.
Deretter svarar han meir alvorleg, og peikar på at miljø og klimaavtrykk er noko bedrifta sjølv er oppteken av, og som han meiner alle bedrifter bør retta større fokus mot.
– Det er verdt ekstraarbeidet det kostar, påpeikar han.
Sjølv om skiltet no er på plass, stoppar ikkje ambisjonane der.
– Når du driv eit firma, er det mykje å halda styr på, så det kan bli litt sport i å sjå kva me kan bli betre på, seier han, og peikar på at firmaet heile tida håpar å ta ytterlegare steg både på klimaavtrykk og HMS.
Miljøfokus frå oppstarten
Også Flex Entreprenør har fått det synlege provet på Miljøfyrtårn-sertifiseringa. Bedrifta fekk tysdag 17. februar besøk av ordførar André Mundal Haukås og Frederik Aalo Flood.
Dagleg leiar Sverre Johan Snørteland fortel at han synest det var kjekt å få utmerkinga, og seier miljøarbeidet har vore ein del av ambisjonen sidan oppstarten i 2024.
– Me har hatt fokus på grøne alternativ frå starten av. Me ville ha det inn med ein gong, seier han.
Sjølve sertifiseringa blei datert 1. april 2025, men det synlege provet lét venta på seg. Snørteland skildrar prosessen som grundig, med mykje dokumentasjon og systemarbeid.
– Det er lettare å få inn gode vanar med ein gong enn å endra dei etter mange år, seier han.
Miljøkrav blir stadig viktigare
Flex Entreprenør driv med total- og deleentreprisar innan bygg, og Snørteland meiner også at miljøsertifisering spelar ei stadig større rolle.
– Det er ofte i offentlege prosjekt krava kjem tydeleg fram, men me ser også at fleire private krev det. Det synest eg er veldig bra, seier han.
Han trekker fram klimarekneskap, transport og logistikk som viktige grep for å redusere klimaavtrykket.
– Me prøver å få mest mogleg med på same lasset for å redusere klimaavtrykket, seier han.
Snørteland nøyer seg heller ikkje med berre å kryssa av på kravlista.
– For oss handlar det ikkje berre om å oppfylla minstekrava. Me har sett oss mål som er endå strengare enn Miljøfyrtårn-krava, seier han.