nyhende

Nødetatane var raskt på ulykkestaden, deriblant mannskap frå Førde brannstasjon.
Nødetatane var raskt på ulykkestaden, deriblant mannskap frå Førde brannstasjon.

To motorsyklar kolliderte på E39

To av fire involverte personar blei sende til Haugesund sjukehus for sjekk.

Publisert Sist oppdatert

Ulykka skjedd i samband med at over 600 motorsyklar frå vårsleppet på Valevåg ferjekai sette kursen mot Skudeneshavn. Kortesjen starta klokka 13.00 onsdag, og første melding om ulykka kom frå 110 Sør-Vest klokka 13.14.

Til sjukehus

Kollisjonen skjedde like sør for avkøyrselen til Valestrand kyrkje, og alle nødetatene rykka ut. To motorsyklar og fire personar var involverte i ulykka.

– Det er er ingen alvorlege personskadar, men to personar blei tatt med til Haugesund sjukehus for sjekk, seier operasjonsleiar Roger Litlatun ved Sør-Vest politidistrikt.

Truleg påkøyrsel bakfrå

Politiet gjorde undersøkingar og avhøyr på staden, og det kan tyda på at det som har skjedd er ein påkøyrsel bakfrå. Dei som blei sendt til sjukehus var førar og passasjer på motorsykkelen som køyrde på den andre, melder politiet på X.

Sak er oppretta, men det er ikkje gjort beslag i førarkort, opplyser Litlatun onsdag kveld.

Powered by Labrador CMS