nyhende

Første gruppe med løparar på veg ut frå start.

Færre deltakarar, men full fart

Sveio IL sitt årlege Salamanderløp samlar gjerne 200 løparar, men i år gjorde det sure vêret at det kom færre. Innsatsen var det imidlertid ikkje noko å seia på.

Publisert

Salamanderløpet er eit av svært få friidrettarrangement som skjer i Sveio i løpet av eit år. Det er eit lavterskeltilbod som alle mellom 3 og 13 år kan delta i. 

Deltakarane kunne i år velja mellom ei kort løype på 450 meter og ei lengre på 800 meter. Som vanleg var det inga tidtaking og medalje til alle.

Felles oppvarming leia av Leif Sverre Haga for alle deltakerne fem minuttar før første gruppe skal begynna og løpa.

I fjor var det rundt 200 deltakarar. I år blei det ikkje like mange. Noko delvis kan skjuldast det dårlege vêret, men det vart likevel godt oppmøte. 

– Det var forventa, samt at folk ikkje kom til å bli verande like lenge som dei elles hadde, seier, Leif Sverre Haga, medlem av arrangørstyret og leiar av friidrett i Sveio I. L.

Like gøy i regn

Mari Semb Vespestad (7) og broren Jens Semb Vespestad (3) var to deltakarar som sprang den korte løypa. Mari gleda seg veldig, og har deltatt på slike lokale løp tre gongar før. 

Ho ville gjerne springa aleine med broren sin, men måtte ha mor med litt framleis. Ho syns heller ikkje at regnet øydela noko som helst:

– Det var like gøy som det brukar å vera sjølv om eg måtte ha på regntøy.

Kjekk måte å bli betre

Regnet gjorde det også vanskelegare for dei som skulle løpa. Etter Amelia Møller Fosstveit (11) var komen i mål, fortalde ho at det vart tøft å løpa. Mykje på grunn av regnet som gjorde det glattare i skogen, og dermed vanskelegare å løpa. 

– Men det var framleis litt deilig fordi då slapp eg å bli så varm. Og så likar eg å delta i slike løp for då trenar eg kondisjonen og blir betre til å løpa, seier Amalie.

Sjølv om at ho ikkje deltar i slike løp meir enn om lag fem gongar i året, trenar ho ofte med far sin på banen rett bak Sambrukshuset.

Amelia Møller Fosstveit (11) som kryssar mållinja etter ein hard innsats igjennom løypa i klasse 6.

Ein varig tradisjon

Salamanderløpet er ein tradisjon som har halde på i alle fall sidan 2013. Opp gjennom åra har løpet auka i popularitet og sett stadig nye rekordar, fortel Leif Sverre Haga. 

Leif Sverre Haga, leiar av friidrett og del av arrangørstyret i Sveio IL som har hovudansvaret for Salamanderløpet.

– Salamanderløpet er ein tradisjon me håper er kome for å bli. Me har også snakka om å utvida litt. For det finst jo ikkje lokale løpstilbod for dei som er ungdom eller vaksne som eigentleg kunne ha tenkt seg å springa lengre løp, seie Haga.

Som avsluttar med at det har blitt prøvd før, men at det vart for dårleg påmelding. Men dei har ikkje gitt opp håpet om å få det til.

Powered by Labrador CMS