nyhende

I fjor betalte forsikringsselskapa ut 549 millionar kroner til skadar med motorsykkel.

Rekordhøge erstatningar for Mc-skadar i fjor

Forsikringsselskapa betalte ut 549 millionar kroner for skadar med motorsykkel i fjor, meir enn nokon gong før. Talet på skadar gjekk likevel ned.

Publisert

– Vi ser at skadane som skjer, blir dyrare. Det er hovudårsaka til at erstatningane aukar, seier kommunikasjonssjef Nina Lædre Wiig i Finans Norge.

Høgare reparasjonskostnader og at særleg personskadar gir store erstatningsbeløp, er blant det som har ført til auken.

Mc-sesongen er no i gang, og dei fleste skadane skjer i løpet av vår- og sommarmånadene.

– Mange av dei mest alvorlege ulykkene er eineulykker. Det understrekar kor viktig det er å tilpasse farten og køyre etter forholda, seier Lædre Wiig.

Ho oppmodar samtidig bilistar til å vere ekstra merksame no i starten av Mc-sesongen.

Powered by Labrador CMS