nyhende

To hol, tre fisk

Ein kald start på 2026 førte til islagde vatn i Sveio. Noko som var godt nytt for dei som likar isfiske. På Nesevatnet blei det fiska etter røye, ein fisk som likar seg godt i det kalde vatnet.

Publisert Sist oppdatert

Laurdag 10. januar tok Vestavind turen ut på isen på ein bit av Nesevatnet, i nærleiken av Våga i Sveio. Der hadde Kristian Aase (45) og Håvard Emberland (25) hogd kvart sitt hol i den 15 centimeter tjukke isen og rigga seg til med stolar og fiskestenger i finvêret.

Kristian har drive med isfiske lenge, men for Håvard er det første gong. Sjølv om stålisen er tjukk har dei begge ispiggar for sikkerheits skuld.

Fangsten til førstegongsisfiskar Håvard Emberland.

– Me fiskar etter røye. Den trivst godt i det kalde vatnet. Så langt er det berre han som har fått noko, smiler Kristian og peikar bort på førstegongsisfiskaren.

Sjølv om dei sit med berre nokre få meters mellomrom, er det Håvard som har hatt fiskelukka med seg. Tre gonger.

Røyeblink og maggot

Butikken var utseld for levande maggot, derfor fiskar dei med jordbærmarinert maggot i dag. Eit stykke opp frå kroken lyser ein røyeblink som skal tiltrekka seg fisk og gjera sjansen for at fisken bit større.

Butikken var tom for maggot så i dag fiska dei med kunstig åte: jordbærmarinert maggot.

– Eg fiskar slik han gjer, men så langt har eg berre fått ein som eg slapp ut igjen. Fiskepinnane på Coop er litt større enn den eg fekk, humrar Kristian.

Han fortel at ein uskriven regel i isfiske er at det ikkje er lov å skifta hol. Før han seier storsinna:

– Men eg er jo glad på hans vegner.

Kaffi og snickers

Sjølv om sola har gøymt seg bak åsryggen og vinden har tatt seg litt opp, tenker dei to å halda på ei stund til. Snickers på innerlomma og kaffi på termosen er med på å halda energinivået oppe. I tillegg har dei eit «ess i ermet» eller rettare; eit ess i skoa. Sålar med varme i kjem godt med når ein skal vera i ro lenge. Det er ingen tvil om at dei to trivst på isen.

– Det er kos å vera på isfiske. Skru av mobilen og berre slappa av. Heilt fredeleg, avsluttar Kristian.

Kristian Aase er klar til å sveiva inn om røya høgg til.
Powered by Labrador CMS