nyhende

Kunne blitt svært alvorleg:

Tydelege merke etter brann på toalettet der brannen starta.
Tydelege merke etter brann på toalettet der brannen starta.

To blei sendt til sjukehus etter brannen på Vigdartun

Brannen som starta i ei bossbøtte inn på eit toalett på Vigdartun i skuletida måndag er framleis under etterforsking. Ifølgje politiet var det svimerker på veggen, og det var snakk om ein brann med stort potensiale.

Publisert Sist oppdatert

To lærar ved skulen som forsøkte å sløkkja brannen, blei etterpå sendt til sjukehus på grunn av røykforgifting. Ein av dei blei innlagt til observasjon til neste dag. Onsdag kunne rektor ved Sveio skule, Ben Jerry Ellingsen, letta fortelja at begge var tilbake på jobb.

– Dette kunne blitt ein veldig alvorleg situasjon, fastslår Ellingsen.

Ifølgje vaktsjef Dan Magne Gaard ved Sør-Vest Politidistrikt, har vitne fortalt at dei har sett to gutar i nærleiken av det aktuelle toalettet rett før brannen blei oppdaga. Politiet har snakka med desse gutane, men begge nektar for å ha noko med brannen å gjera. Det er nå oppretta sak på forholdet.

Det var klokka 11.25 måndag at politiet fekk melding om brannen. Røykdykkarar frå brannstasjonen i Sveio kom raskt på plassen og fekk sløkkja. Mykje røyk inne i bygget gjorde at elevane fekk fri resten av dagen.

Powered by Labrador CMS