nyhende

Egil MisjeOle Andreas VågeToralf LoeFylkesveg 541Tjernagelvegen
Egil Misje (t.v.), Toralf Loe (midten) og Ole Andreas Våge er mellom dei som stiller spørsmål ved habiliteten til Mikal Møller Hovda.

Tjernagelvegen: – Får ikkje ein tomme jord utan å ekspropriera

Ni grunneigarar vart måndag samde om å krevja at kommunen må ekspropriera jorda deira for å bygga ny Fylkesveg 541. Formannskapet vedtok måndag reguleringsplan etter beskjed frå fylkeskommunen at Sveio kan mista vegfinansiering.

Publisert Sist oppdatert

Dei er ikkje nemneverdig imponert over formannskapet si avgjersle. Ole Andreas Våge, Egil M. Misje og Toralf Loe er tre av grunneigarane som kjem til å verta råka av ny Fylkesveg 541. Tidlegare har dei hatt trua på eit leveleg kompromiss, men så kom måndagens formannskapsmøte.

– Dei snudde etter at fylkeskommunen sa dei må gjera eit vedtak, elles så vert vegen teken ut av den regionale transportplanen (RTP) til fylket, seier Våge.

Føler seg lurt

Bakgrunnen er at formannskapet stadfesta eit vedtak av kommunestyret gjort den 4. april 2022, kor mellom anna detaljeregulering for Fylkesveg 541 Krossleite – Grimstveit vart vedteken. Våge er veldig skuffa og saknar meir ryggrad hjå lokalpolitikarane.

– Berre to i formannskapet stemte imot, Rune Teikari (Frp) og Asle G. Halleraker (TvF), seier han.

Dei tre er alle tydelege på at dei er for ny veg og forstår behovet, men det er måten det no gjerast på dei ynskjer å retta krass kritikk mot. Det opphavelege vedtaket frå april 2022 inkluderte også skriftlege avtalar mellom rådmann og grunneigarar, dialog for å finne gode løysingar, og ikkje minst sykkel- og gangsti langs heile noverande fylkesveg. Måndagens formannskap vedtok berre punkt 1, altså sjølve deltajereguleringa av strekninga.

På kvar si måte vil fleire grunneigarar langs vegen verta råka. Misje mister 20 mål i utmark og Våge mister om lag 20 mål med dyrkbar mark.

– Det er i grunnen ikkje så gale. Men den gongen sa eg at det ikkje verka så gale sidan det også skulle kome sykkel og gangsti, og betinga at naboane vart med på det, seier Misje.

– Og no kan det koma noko anna enn det du opphaveleg sa ja til?

– Ja, svarar han.

Held på å etablera seg – får garden seksdelt

For Loe er det ein omvendt julegåve han får dumpa i fanget. Han er 23 år, flytta til Sveio grunna kjærleiken og ventar sitt andre barn.

– Landet over slit ein med befolkningsvekst i kommunane. Gjev Sveio deg bulyst?

– Eg kunne greit ha budd ein annan stad viss det var enklare, svarar han.

Frå nyttår skal han ta over det største mjølkebruket i Sveio.

– Gardsbruket er delt i tre av noverande veg. Med formannskapet sitt vedtak vert den seksdelt. Det er litt unødvendig, seier han.

I tillegg vil mykje av logistikken rundt gardsdrifta måtte endrast. Han seier det skal koma to kulvertar under vegen til han og dyra.

– Men dei vert for små for meg og maskinene, og dyra kjem ikkje til å ville gå gjennom grunna kor trongt og trafikkert det er på vegen over, så då kan eg truleg ikkje beita på den sida, seier han oppgjeven.

Hardt mot hardt

Loe har rekna ut at minst 40 mål med dyrka og dyrkbar jord vil måtta fjernast om vegen kjem slik vedtak frå formannskapet er no. Kort summert er dei skuffa over kva dei opplever som ei heilomvending frå kommunen, og at vegen som vart førespegla med sykkel- og gangsti ikkje er den som kjem.

– Det var eit samrøysta kommunestyre i vår om at dei ville kome oss i møte på små ting, men så kjem brevet frå fylkeskommunen som snur alt, seier Våge.

Våge beskriv seg sjølv som rasande og fortel at ni av grunneigarane som vert råka vart måndag 5. desember samde om å setja hardt mot hardt.

– Då skal me krevja at kommunen må ekspropriera heile traseen, seier Våge.

– Og det vert første gong i Sveio si historie at det vert gjort, legg Loe til.

– Det er einaste våpenet me har, seier Våge.

Heng ikkje på greip

Misje synest også at forklaringa frå myndigheita har mangel på bakkekontakt, då Statsforvaltar meiner at ny veg i dagens trase er eit dårleg alternativ med omsyn til jordvern og landbruk.

– Men kva med all dyrka og dyrkbare mark som vert øydelagt av ny veg? Då handlar det ikkje om omsyn til jord, understrekar han.

Nord for heimen sin får eit ektepar garden sin delt i to av formannskapet sitt vedtak.

– Eg synest det er patetisk å høyra formannskapet snakka om ny E39 og å ta omsyn til folk samstundes som dei gjer dette, seier han.

Vidare peikar han på at det då vert to parallelle fylkesvegar, og at ny veg vil råka fiskevatnet Maritjødna, som han hevdar er populært for bra fiske. Loe sine barn har ikkje rett på skulebuss og må difor nytta gamlevegen som er utan sykkel og gangsti, men også har tungtrafikk. Ingen av dei tre kjøper trugselen frå fylkeskommunen om å ta vegen ut av RTP.

– Har de ikkje forståing for formannskapet sitt vedtak, sidan Sveio risikerer å mista finansiering frå fylkeskommunen?

– Trur du Bømlo sitt press på ny veg vil minka fordi Sveio ynskjer justeringar? Presset vil berre auka. Vegen den kjem den, seier Våge.

Naudsynt vedtak

Ordførar André Mundal Haukås (H) forklarar årsaka til at formannskapet gjorde vedtaket.

– Ein har vel ikkje snudd. Saka vart sendt tilbake til hovudutvalet for å sjå om dei fant løysing for trasé, seier han.

Brevet frå fylket gjer det tydeleg at Sveio må vedta reguleringsplan eller risikera å sjå vegen falla ut av RTP.

– Av den grunn vart det foreslått å vedta den slik den låg føre, seier Haukås.

Ordføraren understrekar at det er viktig med ny veg, og at Sveio er heilt avhengig av å ha vegen inne på RTP for å få pengar til den. I formannskapet sitt vedtak vert det ny sykkel- og gangsti på strekninga Sveio til Åse, og deretter skal gamal fylkesveg nyttast. Haukås erkjenner at dette har vore ei utfordrande sak i lang tid.

– I fleire år har ein prøvd å finna løysingar utan å lukkast med det. Så me får sjå kva debatten vert på måndagens kommunestyre, avsluttar han.

Powered by Labrador CMS