nyhende

Norske pass.
Norske pass.

Titusenvis av pass er ugyldige

Det er naturleg at færre har tenkt på å sjekka utløpsdatoen i passet sitt i perioden der reiseaktiviteten har vore låg. No er det likevel grunn til å tru at stadig fleire legg planar for å reisa utanlands i tida som kjem.

Publisert Sist oppdatert

Det betyr at trykket på passkontora kan bli stort, skriv Sør-Vest politidistrikt i ei pressemelding.

– Dersom ein er for seint ute er det ein risiko for at ein ikkje får pass i tide, og at ein ikkje kan gjennomføra reisa. Me oppfordrar innbyggarane til å sjekka passet sitt i dag og få bestilt time til nytt, dersom det er modent for utskifting. Det er òg viktig å hugsa på at gyldig pass eller nasjonalt ID-kort i dag er påkravd ved trafikkstasjonen, dersom ein skal ha førarkort, framhevar leiar for Felles eining for utlending og forvaltning, Leif Ole Topnes.

Stort etterslep

I mai, juni og juli skreiv Sør-Vest politidistrikt ut fleire pass enn i eit normalår. Likevel, hittil i år er det utskrive 29 071 pass mot 56 021 i tilsvarande periode i 2019. Det betyr at etterslepet er stort.

– Dette seier oss at det er mange som har pass som er gått ut på dato. Dei fleste av våre seks passkontor har mange ledige timar no, og det er derfor lurt å sikra seg ein avtale før det blir fullt, oppfordrar lokal innføringsansvarlig for pass og ID-kort, Kjetil Optun.

Ikkje gambla på nødpass

Dersom ein er for seint ute til å få nytt pass er nødpass eit alternativ. Men, det er ikkje gitt at eit får, eller kan bruka nødpasset.

Det er nokre land som ikkje godtar nødpass ved innreise. Det er heller ikkje alle som får innvilga søknad om nødpass. Døme på avslag er viss ein har fått to nødpass i løpet av dei siste fem åra, eller at ein har mista eit nødpass eller ikkje har levert det tilbake etter reisa. Å basera seg på nødpass kan med andre ord vera risikosport, understrekar Optun, og legg til at det ordinære passa ikkje lenger vil vera gyldig viss eit får utskrive eit nødpass.

Powered by Labrador CMS