nyhende
Tips til ein god bilvask
Maciej Krzysztof Wardawa innehavar av Makki’s CarSPA i Leitevegen, er ekspert på bilpleie. Her deler ha nokre tips og triks som kan vera bra og kjenna til når det kjem til utvendig behandling av bilen.
Kva trengst?
Uavhengig av om du køyrer med piggdekk eller ikkje, så vil det vera ein god del metallpartiklar frå kjettingar, brøyteskjær og andre bilar sine piggdekk. Metallpartiklar kjem også frå bilen sine bremser, og er noko alle bilane får som forureining på karosseriet. Desse partiklane festar seg utruleg godt i lakken, og er kan henda ikkje så enkle å sjå på mørke bilar. På lyse bilar, spesielt kvite, ser desse partiklane ut som små rustflekkar. Det er nemleg metallpartiklane i lakken som gjer at sidene på bilen etter ein vinter ofte kan kjennast som sandpapir.
Gjenstridige metallpartiklar
Såkalla metallpartikkel-fjernarar er produkt som berre angrip metallpartiklar, herunder det som kallast flygerust. Desse gjer ein lilla/raud avrenning når dei finn metallpartiklar. Ved hjelp av metallpartikkelfjernar kan desse partiklane enkelt spylast av bilen.
I tillegg til å fjerna metallpartiklar kan det vera ein god del asfalt og tjære på lakken – her trengst ein kaldavfetting. Kaldavfetting, petrokjemisk avfetting, asfaltfjernar – kjært barn har mange navn. Dette er eit oljebasert produkt som også brukast for å løsne generell skit etter vinteren. Med salta vegar bindes det mykje møkk i sølevatnet som hamnar på bilen. Denne skiten er ikkje enkel å fjerne utan avfetting.
|
Oppsummering • Petrokjemisk avfetting opp til vindauga, og heilt opp på bakluka. • Alkalisk forvask i skumkanon eller pumpekanne over heile bilen. • Spyl av nedantil og opp etter at produkta har fått verka i 3-5 minuttar. • Påfør metallpartikkelfjernar – fokus på området rundt hjulbuane og dørsidene, men óg andre panel som er lågt nede, og særleg bakluka som også har ein del partiklar. • Spyl av, og ta ein handvask med bøtteshampoo for å fjerna trafikkfilm og overskytande skit. Har du gjort ein god jobb fram til her, så skal det ikkje bli særleg møkkete vatn i bøtta. Den enklaste viset å gje bilen litt beskyttelse etter vårvasken er å bruka bøtteshampoo med vaks i. |
Lykke til!
Maciej Krzysztof Wardawa