nyhende
Tiltalt for vald mot offentleg tilsett
Ein sveibu må i slutten av mai møte i Haugaland og Sunnhordland tingrett. Der må vedkommande mellom anna må svare for vald mot ein tilsett ved ein offentleg institusjon.
Fleire slag og spark
Det var på tampen av 2020 at vedkommande skal ha utagert ved å gå laus på ein tilsett ved institusjonen. Ifølgje tiltalen, som handlar om kroppskrenking – og som Statsadvokatane i Rogaland har tatt ut, skal den tilsette ha tatt i mot fleire slag og spark frå tiltalte. Den tilsette skal ha fått både smerter og merke på kroppen til den tilsette som følgje av valden.
Strafferamma for dette forholdet åleine er inntil 1 års fengsel.
Skal ha spytta på politiet
Politiet vart tilkalla til staden etter valdshendinga, og ifølgje tiltalen skal tiltalte då ha forsøkt å påverke ei tenestehandling ved å spytte ein politibetent i ansiktet.
Tiltalte skal også ha kome med trugsmål mot politiet.
For dette er han tiltalt etter §155 i straffelova, som har ei strafferamme på inntil 3 års fengsel.
Den tiltalte må også svare for tre andre forhold. Dei er alle knytt til at tiltalte nokre månader før valdshendinga, skal ha stole ein bil. Denne skal tiltalte både ha køyrd i ruspåverka tilstand og utan å ha gyldig førarkort.