nyhende

Skiltet skal flyttast 5-10 meter nærmare Sambrukshuset når arbeidet på skulen er heilt ferdig. Mellom klokka 07.30-16.00 på skuledagar er det altså berre lov med nyttekøyring på vegen langs Vigdartun og til Sambrukshuset, og parkeringsplassen framfor Storatun – med mindre ein er tilsett på Sveio skule, eller har ærend på Frivilligsentralen eller Sambrukshuset.

Tiltak for elevane si sikkerheit

Nå er det forbode å køyra inn på området til Sveio skule i skuletida.

Publisert Sist oppdatert

– Kommunen har sett opp skiltet då det er mykje køyring på dagtid her i skuletida. Det kan vera både mopedar og bilar som køyrer ganske fort. Dette går på sikkerheita til ungane, seier John Anders Semb i drift- og anleggsavdelinga i Sveio kommune.

Eit slikt tiltak har vore etterspurt lenge. Før har det blitt forsøkt med parkering forbode-skilt, utan at det hjelpte. Nå er både tekst og plassering nøye gjennomtenkt. Det finst likevel unntak, for det er lov å køyra gjennom i skuletida, dersom det er nyttekøyring, eller har ærend hos Frivilligsentralen eller på Sambrukshuset. Det blir oppmoda til å visa omsyn, då ein ferdast på eit kommunalt, lukka skuleområde.
Ei stor utfordring har vore trafikk og parkering langs Vigdartun ved skulestart og -slutt. No må dei som leverer og hentar ungane sine på SFO og skule finna andre løysingar.
– Det kan vera ei god løysing å parkera i sentrum, og gå gjennom Salamanderparken, foreslår oppsynsmann Semb.

Sak frå Vestavind 22. februar 2018 då parkering forbode-skiltet blei hengt opp.
Powered by Labrador CMS