nyhende
Tilsett som rettleiar
Maren Kristine Lye Bårdsen er tilsett som ny rettleiar for NAV i Sveio. — Eg kjente det var på tide med noko nytt, seier Bårdsen.
Ho har arbeidserfaring frå forskjellege stader. Dei siste sju åra har Maren Kristine Lye Bårdsen jobba som miljøterapeut, og sit som kommunestyrepresenstant for Arbeiderpartiet fram til hausten.
Då stillinga som rettleiar vart lyst ut vart ho interessert.
Hjelpa andre
— Eg synest det verka som ein spanande stilling. Eg kjente det var på tide med noko nytt, ei ny erfaring, seier Bårdsen.
Opphaveleg er ho sveibu oppvaksen i Auklandshamn. Frå byrjinga i juni skal ho jobba i ein fast 100 prosent stilling hos NAV i Sveio. Søknadsprossen var ei hyggeleg oppleving.
— Eg vart innkalla, og det gjekk fint på intervju, seier Bårdsen.
Som rettleiar skal ho hjelpa andre sveibuar i møte med det offentlege.
Personlege eigenskapar
Sindre Vikanes er leiar for NAV i Sveio. Han viser til dei ulike oppgåvene i utlysinga som til dømes er sakshandsaming, rådgjeving og finna mogelegheiter i arbeidsmarknaden.
— Ut i frå intervju og referanse, i tillegg til erfaring, kompetanse og personelge eigenskapar, viste Maren seg som den best kvalifiserte kandidaten, seier Vikanes.
Han fortel at det var 17 søkarar på stillinga, og at Bårdsen var ei av fem som var kalla inn til intervju. No gler NAV Sveio seg til å få ho på plass.
— Me ser fram til at ho byrjar hos oss, seier Vikanes.